Posts Tagged ‘sykkelfeminist’

Sykkel for dei få

Eg syklar. Heile året. Det er ei stor kjensle av fridom å kunne sykle til og frå jobb, kunne nytte sykkelen som ein integrert del av min transportkvardag. Eg har levert barn i barnehage, syklande med vogn, med to barn til to forskjellig barnehagar. Eller som no, gåande til barnehagen med eit barn i den eine handa, sykkelen i den andre. Eg syklar til vanleg i treningsklær, med større fantome-utsjånad, jo kaldare det er. Turen frå Bønes ned til Fjøsanger og opp igjen til Haukeland gjer at eg blir sveitt, og da er det bare å innstille seg på at dette også er min form for trening. Ferdig trent til middag er kvardagssyklistane sitt motto. Men eg syklar også i pene kvardagsantrekk, og skjørt…Er det oppholdsver, eller til og med sol, er turen frå Bønes til sentrum i roleg tempo heilt fint å gjennomføre utan å måtte skifte etterpå.

Eg skulle ønskje at mange fleire bergensarar såg kor fantastisk det er å ha sykkel som sitt fremste transportmiddel. Og eg håper fleire får ei aha-oppleving slik som vår nabo som fann ut at berre ved å kjøpe seg ein sykkel til, med piggdekk, så vart han plutseleg heilårssyklist. Kvifor i alle dagar hadde han ikkje gjort dette før? Sykkel er det mest samfunnsøkonomiske lønsame tiltaket vi kan gjere. Det trumfer alle andre investeringar på veg, sjø eller bane. Forsking anslår at nytten av å legge til rette for sykling er mellom 3-5 gonger høgare enn kostnadene. Likevel er det så vanskeleg å få fortgang i dette arbeidet.

Hordaland Fylkestinget handsamar i desse dagar forlenging av sykkelbyavtalen mellom Bergen kommune, Statens vegvesen (SVV) og Hordaland fylkeskommune (HFK). Det er klart vi skal forlenge avtalen, men i Bergen må vi framleis innsjå at arbeidet ikkje går fort nok. I Bergen sin sykkelstrategi er det eit mål om 10% sykkeldel innan 2019. I Bergensprogrammet er det eit mål om 6,8%. Sist vi sjekka (2013) var talet 3,4 % og ein nedgang frå 2008. Kva er ståa no, no som vi skal forlenge avtalen? Ingen som veit. Det er rett og slett for dårleg.

Sykkelbyavtalen fortel om mykje bra arbeid med omdømme, kampanjar, sykkelparkeringshus, sykletiljobbe-aksjone, skilt, men kor blir det av asfalten? Sykkelvegen? Kor mykje sykkelveg har ein eigentleg klart å bygge dei siste åra? Og kva med hovudsatsinga i Bergen sin sykkelstrategi? Eit ferdig utbygd hovudvegnettet for sykkel innan 2019?

Det er også urovekkande at ein ikkje klarer å nytte dei midlane som blir øyremerka sykkel og sykkelinfrastruktur. I mange år på rad har midlane til sykkel i bergensprogrammet blitt overført til året etter. Summerer ein opp, er det snakk om over 100 millionar ubrukte midlar til sykkeltiltak.

SV meiner det er naudsynt å gå gjennom heile måten vi organiserer sykkelsatsinga på. Vi og fleire har tidlegare foreslått eit sykkelkontor etter modell frå Bybanen utbygging. I utbygging av bybanen har ein etablert ein felles prosjekt og planleggingsorganisasjon der både Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen sitter rundt samme bord, planlegger og gjennomfører utbygging av bybanen. For det er planlegging og utbygging av sykkelvegar som trengs no.  Vi kan ikkje berre vidareføre sykkelbyavtalen utan å diskutere kvifor vi ikkje når måla våre, og diskutere korleis vi kan gjere det betre. For som vi veit, det er faktisk ikkje pengane det står på, det er handlekrafta og gjennomføringsevna som manglar.

Bergen og Hordaland har gjort store framsteg når det kjem til å endre transportvanar og få heile transportsektoren til å verte miljøvennleg. Hordaland Fylkeskommune sin miljøvennlege ferjer kuttar no utsleppa med 90%. Vi har bybanen som har medverka til å endre bergensarane sin reisevaner dramatisk berre på nokre få år. Vi har tatt i bruk verkemiddel som rushtidsavgift for å stimulere folk til å reise kollektivt, og hindre kø. Kvifor er da sykkelen framleis berre eit gode som nokre få har oppdaga?

Marthe Hammer
Sykkelfeminist, samfunnsøkonom og nestleiar i utval for miljø og samferdsle (SV)

 

Innlegget sto på trykk i BT mandag 27.november 2017