Posts Tagged ‘partiledelse’

Kommentar til innstilling til ny partileiing i SV

Innstilling til ny partileiing i SV kom i dag fredag 17.02.17. Her er mine kommentarar:

– Valkomiteen har gjort ein slett jobb. Denne innstillinga kan ikkje stå. Eit fleirtal beståande av tre kvite menn under 40 på topp i partiet representerer ikkje den bredda SV som feministisk parti består av.
– Delt innstilling på partisekretær, begge menn. Dette viser dessverre at i feminist- og kvinnepartiet SV så er det veldig lett å finna mannlege toppkandidatar, men vanskeleg å finna kvinner. Det er et problem for partiet.
– Innstillinga er eit symptom på at partiet har ein stor jobb med å motivere og støtte dyktige kvinner til å ta topposisjonar, og at vi som organisasjon ikkje er unnateke dei strukturane som hindrar at kvinner tar like stor del i politikken som menn.

Marthe Hammer
Kvinnepolitisk leiar i SV
97672203