Posts Tagged ‘NDLA’

Stopp angrepa på norsk digital læringsarena

To rapportar frå Deloitte AS konkluderer med at Norsk Digital Læringsarena (NDLA) har brote arbeidsmiljøloven, forvaltningsloven og lov om offentlige anskaffelser. Vedtaket som vart fatta av fylkestinget den 3. oktober syner med tydelegheit at alle avvik i organisasjonen er lukka eller i ferd med å bli lukka. Det er difor med undring ein kan lese kva som skjer vidare. I sak etter sak i NRK vert det framsett direkte usanne påstandar om misleg framferd, varsling og uønskte hendingar. Til slutt vel dagleg leiar å fråtre stillinga si ? for kva. Kva har skjedd?

I SV har vi alle vorte skulerte gjennom Berit Ås og hennar politiske mantra, «follow the money». Er det nokon som har noko å tene på usikkerheit knytt til NDLA?

NDLA har sidan starten hatt mektige motstandarar i media og forlags-Noreg. Dei tre store forlaga i Oslo har ei vesentleg del av si botnline og enorme inntekter nettopp frå læremidlar til kommunar og fylkeskommunar. Norske skular og elevar vert etter SV si meining grovt utnytta. Læremidlar i enkelte fag kan kome opp i over 1500 kroner per fag, og profittjaget gjer det og tilnærma umogleg å få læremidlar i fag med få elevar ? det er ikkje lønsamt.

Som eit motstykke til dette er NDLA med sine gode, rimelege og opne løysingar. I 2016 leverte NDLA pensum til 92 eksamensfag til ein kostnad av kroner 436 per elev i eigarfylka. Elevar i den vidaregåande skulen i Oslo hadde i 2015 og 2016 til saman 3.291.018 besøk hjå NDLA (mobil ikkje medrekna). Talet frå det andre store «NDLA fylket», Hordaland, var til samanlikning 2.043.167 besøk.

At det offentlege satsar på eigenproduserte læremidlar, som er opne for alle er demokratisk og god bruk av offentlege midlar. Motstykket er ei profittmaksimert lærebok frå Aschehoug eller Gyldendal, der læraren som har skrive boka maksimalt sit att med 15 prosent av inntekta frå salet. Om ein legg til produksjonskostnader og tek bort profitt til forlaga ville ei lærebok som i dag kostar 500 kroner kome på under hundrelappen. Forlaga er i dette eksempelet ikkje anna enn eit fordyrande mellomledd det offentlege sjølv kan erstatte.

Hausten 2016 lanserte KS det sokalla NDLA-G for grunnskulen. Grunnskulen er himmelropande mindre komplisert og har enormt færre fagprogram. Når ein får på plass ei offentleg finansiert løysing for digitale læremidlar i fagprogramma for grunnskulen kjem norske kommunar til å spara millionar ? årleg. Millionar som vert tekne direkte frå botnlinja til forlaga. Millionar som kan nyttast til dømes på fleire lærarar fleire ekskursjonar og mindre til privat profitt. Kvifor er NRK og politikarar, spesielt frå Ap i hovudstaden, opptekne av å snakke ned gode offentlege løysingar og opp gamle forlagskapitalistar?

Kvifor er det viktigare å sette fokus på 20 prosent til NDLA? Pengar dokumentert brukt godt og ikkje på dei 80 prosent som betaler hagefesten til Aschehoug- eigar William Nygaard?

SV kjem til å stø ei vidareutvikling av NDLA og NDLA-G Lokalt, regionalt og nasjonalt. Utviklinga i NDLA er eit frampeik på ein anna måte å forvalte læring på. Forlaga er som plateselskapa på 90-talet. Dei hindrar innovasjon, mangfald og konkurranse. Dei hindrar det offentlege å gje sine innbyggjarar dei beste tenestene. Det er det dette handlar om. Mine og dine skattekroner ? til mine og dine born.

 

Innlegget vart publisert i Klassekampen 5. desember 2017 og er skrevet av gruppeleiar i SV, Aud Karin Oen.