Skole

Forsvar lærarane sin rett til å prioritera elevar og foreldre

Etter at Kristin Clement, utan å drøfta med arbeidstakarorganisasjonane, flytta ansvaret for lærarane frå stat til kommune, har arbeidsoppgåvene gradvis endra seg. Meir rapportering og meir krav om dokumentasjon av vurderingsarbeid mm gjer at tidsklemma er vorten svært merkbar. KS har no komme med eit utspel som dei hevdar skal gjera alt enklare og betre i norsk skule. Dette framlegget fullt av sjølvmotseiingar. Lærarane skal få meir tid med elevane og meir tid til samarbeid. Samtidig skal ikkje undervisningsbelastninga auka, men det vert opna for at lærarene sitt arbeidsår skal kunna utvidast frå 39 til 45 veker. Kort sagt: Lærarane skal bruka mindre tid på skulen når elevane er der, den resterande tida vert flytta til den tida elevane har ferie.

Læraryrket er ikkje ein ni til fire-jobb. Det veit lærarane , og det veit dei som vurderer å bli lærarar. Rekruteringa vil stoppa opp. Ingen vil med opne auge gå inn i eit yrke der systemet er til hinder for å utføra den viktigaste delen av jobben, nemleg undervisning og oppfølging av elevane.

KS sitt framlegg framstår på ingen måte som eit framstøyt for å betra elevane og lærarane sin kvardag. Motiva som skin gjennom , er å gje kommunane og den enkelte rektor høve til å henta ut fleire undervisningstimar frå lærarane . Slik kan kommunen og/eller kommunen spara pengar, medan lærarane og elevane tek rekninga. SV ønskjer at lærarane skal ha ein arbeidstidavtale som i større grad sikrar at dei kan bruka tida si på oppgåver som er direkte knytta til undervisningsoppdraget framfor «fleksible» løysingar som gir rom for nedskjæringar og kutt.

Hordaland SV mener at lokale tillitsvalde framleis må vera med på å utforme og ha vetorett overfor lokale avtaler.