Næringspolitikk

Ein region fri for kommersiell forsøpling

Eit knapt fleirtal av Venstre, Høgre og Framstegspartiet, har i Hordaland fylkesting laga ein omfattande plan for kommersiell forsøpling av Bergensregionen. Dei ønske å leggje svært store flater til rette for transnasjonale reklamegigantar som til dømes Clear Channel. I Bergen gjeld dette alle kollektivhaldeplassar inkludert Bybanen sine, terminalbygg, inn og utsida av alle bussar og innsida av Bybanen og hurtigbåtar samt ulike bymøblar.

Å opne regionen for Clear Channel og andre selskap av med same føremål, vil vere eit ja til meir kjøpe- og kroppspress. Fylkeskommunen har i dag få oppgåver, men mellom dei er vidaregåande skular og kulturminnevern. Det er difor noko særs paradoksalt over at det borgarlege fleirtalet i Fylkeskommunen, for det første har laga ein plan som vil gjere at ein stor andel av elevane i vidaregåande skulen skal verte påførd eit auka, ofte seksualisert, kjøpepress til og frå skulen kvar einaste skuledag. Og for det andre ein plan som vil plassere ei rad store roterande glassmontrar med plakatar frå transnasjonale selskap, mellom nokre av dei mest særprega bymiljøa i Noreg, der det i dag er et rikt lokalt kulturtilbod det reklameres for. Nokre døme på slike miljø er Bryggen i Bergen som er på UNESCO si verdsarvliste og Vågsbunnen som har eit gatenett og bymiljø frå mellomalderen.

Fylkeskommunen har no sendt planen over til alle kommunane i Hordaland og Statens vegvesen for tilslutnad. I 2005 hadde Bergen ein opplysande og engasjert debatt om byromsreklame som munna ut i at bystyrefleirtallet sa eit tydeleg nei til slik forsøpling av Bergen. Høgre og Framstegspartiet stod aleine på reklamen si side. Det einaste som er forandra frå 2005 er at vi har lært enda meir om kor grenselaust kyniske desse reklamegigantane er. Et godt døme på dette er Clear Channel sitt søksmål mot Bergen kommune sitt demokratiske vedtak. Heldigvis vart det avvist i det norske rettssystemet.

Trass i dette ser det ut til at Venstre i fylkestinget har skifta meining i saka. Kristeleg folkeparti i Bergen har ikkje skifta meining frå 2005, men i Bergen syner dei til ei enkelformulering i byrådserklæringa frå 2011. Vi vil først og fremst oppfordre alle tillitsvalde, medlemmer og sympatisørar av desse to partia om engasjere seg og gi ei klar melding til den lokale partileiinga i Bergen og andre kommunar. Om dei no ikkje vil høyre på gode argument og engasjerte medmenneske, så bør folk få vite at det var dei som opna opp for kommersiell forsøpling av Hordaland.

Om det skulle vere nokon tvil står SV på vårt standpunkt frå 2005 – nei til kommersiell forsøpling av Hordaland!

Til kamp for villaksen, oppdrettsnæringen må bli bærekraftig eller fjernes

Mange lakseelver på Vestlandet er stengt eller delvis stengt fordi laks og sjøørret er borte.

Bestanden av atlantisk villaks er redusert med 82 % de siste 30 årene. Laksen er totalt utryddet i seks land og står i fare for å forsvinne i ytterligere elleve. Norge er verdens største enkeltforvalter av atlantisk laks.

Norske myndigheter kategoriserer 42 lakseelver som utryddet, 55 lakseelver nær utryddet og 154 norske vassdrag er nedgangen så stor at laksen står i fare for å bli utryddet.

Hordaland SV krever at oppdrettsselskapene på samme måte som utbyggere av vannkraft, skal stilles til ansvar når det gjelder å ta vare på hele det biologiske mangfoldet som berøres av næringsvirksomheten.

Hordaland SV krever videre at:

• Fredningssoner for oppdrettsanlegg og vannkraftutbygging rundt vassdrag av nasjonal betydning.

• Forbud mot vannkraftutbygging i vassdrag i eller tilknyttet vassdrag med anadrom fisk.

• Lukkede anlegg i alle nasjonale laksefjorder innen 2016

• Kun lukkede anlegg innen 2020

• Nye konsesjoner skal kun gis til lukkede anlegg

• All oppdrettslaks og ørret skal merkes og steriliseres. Ved rømming skal oppdrettsselskapene kunne stilles til ansvar økonomisk og økologisk.

• Alt fôr må renses for miljøgifter – såkalte «persistent organic pollutants», både fordi oppdrettslaksen er menneskefôr, og matrester og avføring forurenser fjordene.

Rømt oppdrettslaks og lus er ved siden av vannkraftutbygging de største truslene mot villaksen i Norge. Hvis ikke det tas store og radikale grep har ikke laksen en mulighet. Norge har som et av de siste landene i Europa med villaks en særskilt oppgave å ta vare på denne arten – dette er Norges Panda!