Etnisk likestilling

Hent Taiman hjem!

Årsmøtet i Hordaland SV krev at hordalendingen Taiman vert henta heim til Bergen og heimfylket sitt. Årsmøtet meiner den brutale uttransporteringa av Taiman, som bar preg av å vera rein kidnapping, var meiningslaus og strid mot all rettskjensle og humanitet. Hordaland SV krev at regjering og Storting avklårar om deportasjonen av Taiman Agid Fatah er i tråd med norsk asylpolitikk og familiepolitikk. Anten Utlendingenemnda eller regjeringa/justisministeren må skjera gjennom ein røyndomsfjern juss og henta Taiman attende til Noreg!

27 år gamle Taiman vart pågripen i Bergen onsdag for to veker sidan, ført til Trandum og uttransportert måndag. Hordaland SV meiner bestemt at utlendingeforvaltninga ikkje har gjeve Taiman si sak individuell førehaving . Det er uråd å sjå at UNE har vurdert Taimans særskilde tilknyting til landet og menneskelege omsyn.

Mor til Taiman søkte asyl i Noreg 25. juli 2001, saman med Taiman på 14 år og seks born til. Dette skulle visa seg å vera 24 dagar for seint til å bli vurdert etter eingongsvedtaket i Stortinget våren 2004 som i realiteten gav amnesti til asylsøkjarfamiliar som hadde vore i Noreg minimum tre år pr 1. juli 2004. I 2005, då mora og dei yngre syskena fekk opphald ved familiegjenforeining, hadde Taiman fylt 18 år. Utlendingeforvaltninga skilde då Taiman si sak frå resten av familien og behandla han som einsleg vaksen. Seinare har utlendingeforvaltninga nekta å inkludera Taiman som ein del av familien, sjølv om han definitivt var mindreårig då han kom til Noreg saman med mor si.

Sidan han var 14 år har Taiman levd i ein limbo-tilstand, med livet på vent, utan rett til vidaregåande skulegang og arbeid. Det er i Noreg han har hatt tenåringstida og ungdommen fram til no, det er Noreg som er hans heimland.

Taiman har vorte offer for den såkalla «strenge og rettferdige» asylpolitikken som let humanitet og anstendighet vika for innvandringsregulerande omsyn. UNE, UDI og Politiets Utlendingeeining er underlagde effektiviseringskrav og måltal. Under dette regimet tel Taiman i pluss einast når han kan kryssast av som uttransportert. Såleis vart han uttransportert utan at advokaten fekk reell sjanse til å påklaga avgjerda og be om utsett iverksetjing. I norsk asylpolitikk tel ikkje mennesket Taiman. Fordi han er fødd på feil tidspunkt og kom til Noreg på feil tidspunkt, gjeld ikkje norsk, offisiell humanitet for Taiman.

Norsk asylpolitikk viser seg på nytt ikkje å tola møtet med einskildmennesket. Utlendingeforvaltninga har nok ein gong spela falitt når det gjeld å sikra rettstryggleik for asylsøkjarar. Lang saksbehandlingstid frå 2001-2005 tok frå Taiman retten til å få si sak og seg behandla som barn. Den einvise, nådelause behandlinga av Taiman har opprørt menneske på ein heils spesiell måte og i uventa omfang. Årsmøtet i Hordaland SV apellerer til statsministeren, justisministeren, regjeringa og Stortinget om å setja seg inn i Taiman si sak. Vi krev at norske styresmakter hentar Taiman heim att, og vi krev at han får opphald i Noreg ut ifrå sterke menneskelege omsyn og tilknyting til riket. Taiman skal heim!