Kommunesammenslåing

Kommunesamanslåings-elefanten.

Det er opplese og vedteke at det skal bli kommunesamanslåing. Det er til og med kalla reform av sonderingskameratane, endåtil før den mest høgrevridde regjeringa i Europa (?) har teke sete. Ein kan kalla det kva ein vil, men det er kommunesamanslåing det er tale om. For oss som bur i store byar er det lett å vera litt blaserte og tenkja at dei grisgrende kommunane er ineffektive – og at betra kommunikasjonar må gjera det både praktisk og føremålstenleg å slå seg saman. Det kan henda. Men det treng slett ikkje vera så enkelt. Og la oss hugsa heile vegen at kommunane er botnplanken i det norske folkestyret. Difor er spørsmålet om folkerøysting eller tvang jammen santen interessant. Ikkje minst sett frå Noregs kanskje mest sentralstyrte kommune, Bergen.

Kva handlar kommunesamanslåings-debatten eigentleg om? La oss sjå på argumenta.

1. Det løner seg med større kommunar.
Ja, det skulle ein tru. Men korleis kan vi vita det? I ei spalte for lenge sidan skreiv eg om røynslene etter den storstilte kommunesamanslåinga i Danmark. Danskane hadde fått høvesvis færre fagfolk på golvet, byråkratiet hadde ikkje vorte mindre, men toppleiarlønene hadde auka. Det vert jo ikkje færre innbyggjarar ved kommunesamanslåing, eller færre eldre, funksjonshemma, born, skuleelevar, rusavhengige. Og dei bur ikkje «meir effektivt» – med mindre ein driv hardhendt sentraliseringspolitikk, då. Og det er kanskje somme parti sin våte draum?

Uansett går dei store pengane til å dekka grunnleggjande behov og tenester: skule, pleie og omsorg, sjukeheimar, barnevern. Folk skal ha svar på byggjesøknadene sine uansett storleiken på kommunen. Å slengja ut påstandar om reduksjon av byråkratiet kan vera ei forførande og morosam øving, men danske-erfaringa tyder ikkje på at det vert færre i administrasjon og fleire lærarar, for å seia det slik.

2. Det skal bli betre tenester til innbyggjarane.
Det høyrest besnærande logisk ut, i alle fall frå ein storby. Men kvifor seier då folk i alle undersøkingar at dei både trivst best og er mest nøgde med kommunale tenester og service i småkommunar? Det må vera ein tankekross for samanslåingskameratane. Eller kanskje dei ikkje trur at folk i småkommunar veit sitt eige beste?

Handlar det kanskje ikkje mest om effektivitet og stordriftsfordelar, men heller om stordriftsulemper som framandgjering, vanskelegare å nå fram i eit upersonleg system og meir demokrati? I staden for nærleik, å kjenna kven som har ansvar for kva og vita kven ein skal gå til? Kan rett og slett småkommunar vera førebilete når det gjeld folkestyre og nærleik mellom innbyggjarane og kommuneadministrasjon og –styre?

3. Det vert lettare å rekruttera fagfolk.
Kanskje vert det det – om kommunesenter og –adminstrasjon vert større og sentraliserte? Men skular, barnehagar, sjukeheimar og heimetenester må vera desentraliserte uansett. Om ein då ikkje køyrer ein hardhendt sentraliseringspolitikk.

4. Interkommunale ordningar er udemokratiske.
Interkommunalt barnevern eller PP-teneste eller andre interkommunale ordningar lagar store nok einingar til at ein også for småkommunane sin del kan få store nok fagmiljø og tilsette som ikkje er for tett på tenestemottakarar i det daglege. Ved interkommunale ordningar misser eit kommunestyre den direkte og eineveldige kontrollen med tenestene. Men spørsmålet er: korleis kan ein sikra demokratisk styring og kontroll likevel? Og er det meir demokratisk med større avstand mellom innbyggjarane og kommunestyret, slik det lett vert i ein stor kommune?

Mitt spørsmål 1:
Kvifor er folkestyre-perspektivet totalt fråverande frå dei som vil leggja ned tre av fire kommunar i Noreg? Dvs. : Det er ikkje heilt sant, for dei fører til torgs det udemokratiske ved interkommunale ordningar. Men elles? Eg har ikkje sett eitt ord om korleis dei meiner ein gjennomgåande må vega opp for framandgjering, avstand og marginalisering. Ikkje eitt. Dersom eg er urettferdig no, vil eg vera glad for det. For heller ikkje Noreg er prega av noko demokratioverskot. Demokratiet er i det store og heile ineffektivt, men andre system er så mykje verre, som det heiter.

Mitt spørsmål 2:
Kvifor er NHO ein pådrivar for kommunesamanslåingar? Svaret er banalt: For å få marknadsretta dei milliardar av kroner som ligg i kommunal tenesteyting. Ein pengebinge kommersielle interesser gjerne vil ha sin del av. Og det, kjære lesar, det er elefanten i rommet. Det handlar om profitt. Ikkje demokrati eller levekår. Elefanten er ikkje eingong rosa. Det er ein blå elefant. Ein kommunesamanslåingselefant. Ser du han?

Om forfattaren
oddny Oddny Miljeteig sit i landsstyret til SV og er gruppeleiar for SV i bystyret i Bergen.