Justispolitikk

Nasjonalt og internasjonalt tilbakeslag

Adressa

Trondheimspolitiet har vist vei ved aktivt å håndheve sexkjøpsloven for å avdekke menneskehandel og internasjonal kriminalitet. Men fra nyttår har situasjonen vært en annen. De siste ukene har det kommet frem at «Pimpit» – Politiets innsats mot prostitusjon i Trondheim – i en periode er lagt på is. Dette er et nasjonalt tilbakeslag, da nær halvparten av landets sexkjøpssaker de siste par årene, er blitt avslørt av politiet i Trondheim. Så langt i år er det imidlertid bare registrert to anmeldelser for ulovlig sexkjøp i byen – mot 51 i samme tid i fjor, skriver Adresseavisen.

I motsetning til i Norge er det i Sverige tverrpolitisk enighet om å bevare loven, og full enighet om at loven er et effektivt verktøy for å redusere prostitusjon og menneskehandel. Her i Norge har vi et knapt flertall på stortinget for loven. Noen tror at fordi en fremdeles har kvinner i prostitusjon i Norge, fungerer ikke loven. Sexkjøpsloven fungerer. Det vet vi, ikke bare i Trondheim, men også  Sveriges snart 15 år med loven viser at den fungerer. Og det er ikke slik, som mange hevder,  at sexkjøpsloven bare fører med seg et mer skjult og brutalt marked, i det det flyttes fra gateprostitusjon til et innemarked. For hadde det vært slik så er det merkelig at Trondheim, som aldri har hatt ett åpent gateprostitusjonsmiljø, men bare et innemarked, er den byen i Norge med flest anmeldelser for ulovlig sexkjøp.

De blå som har programfesta å fjerne sexkjøpsloven vil få seg en kraftig blåmandag hvis den blir tatt bort. Over natten vil en se betydelig flere kvinner på gata, og flere vil komme hit via kriminelle menneskehandelnettverk. Ja, like tydelig som at sexannonsene på internett eksploderte da det ble kjent at Pimpit-gruppen i Trondheim opphørte sin virksomhet. Det samme skjedde i Stavanger. Politiet gikk ut i media og fortalte at de ikke ville prioritere arbeid mot sexkjøp og menneskehandel, neste kveld var prostitusjonsstrøket i Stavanger fullt av kvinner til salgs. Dette er det menneskehandlere lever av, og tjener seg kriminelt rike på. Det sier seg selv at de følger med utviklingen i et land som huser verdens rikeste potensielle kunder. Men internasjonale menneskehandlere driver sin virksomhet som annen økonomisk virksomhet. Når kostnadene blir for store, legger en ned eller flytter virksomheten. Forbud gjør det dyrere og vanskeligere.

Lokalt i Trondheim er det en seier for menneskehandlerne at «Pimtit» har en pause. Nasjonalt er dette veldig bekymringsfullt og urovekkende, da Trondheim har vært Norges fyrtårn i hvordan bruke sexkjøpsloven for å redusere prostitusjon og menneskehandel. Og uten politidistrikt som viser at loven fungerer, så er det større sjanse for at loven blir fjernet nasjonalt. Og fjerner Norge loven, vil det internasjonalt være et stort tilbakeslag, og et totalt nederlag for kampen mot prostitusjon, og en gigantisk seier for den globale sexindustrien.

Innlegget sto på trykk i Klassekampen 10.mai, og bygger på oppslaget i Adressa (bildet) 1. april 2014

 

Marthe Hammer
Kvinnepolitisk leder i SV

For ein human asylpolitikk – la asylborna bli

Årsmøtet i Hordaland SV 2014 krev at lengeventande asylborn, dvs. asylsøkjar-born som har vore i Noreg i tre år og meir, må få bli. Iblant «asylborna» reknar vi også dei såkalla «einslege mindreårige.» Det hastar med ei eingongsløysing som set bornas interesser fremst, framfor innvandringsregulerande omsyn og politiske tautrekkingar.

Noreg er i ei særstilling når det kjem til borns rettar. Vi var fyrste landet i verda som etablerte barneombod, vi var tidlege med å laga barnevernslov, og vi har inkorporert FNs barnekonvensjon som norsk lov. Born skal ha eit sterkt vern i Noreg. Dei skal vernast mot omsorgssvikt, vald, vanskjøtsel og forsømmelsar; det er eit menneskerettsleg ansvar. Alle born treng omsorg, stabilitet og tryggleik. Noreg kan ikkje operera med doble standardar for borns behov. Men når det kjem til dei lengeventande asylborna, gjer Noreg det. Då er ikkje lenger prinsippet om barnets beste overordna.

Pr 1. oktober var det 752 lengeventande asylborn i Noreg ( i tillegg kjem dei einslege mindreårige). Talet på lengeventande har auka og auka sidan Stortinget i 2007 gjorde sitt så langt siste eingongsvedtak som gav opphald til dei fleste lengeventande den gongen.

I fjor vart kampen for Nathan krona med siger, og Bergens svar på Maria Amelie, Ridaya, fekk koma heim til Bergen til jobb. Samstundes vart Neda og familien i Rogaland sende ut, og utlendingestyresmaktene driv ein brutal og truleg rettsstridig prosess mot Yalda og familien i Tromsø. Frå SV si side har vi røynt, både i og utanfor regjering, at kampen for ein human asylpolitikk er ein strid mot overmakta. Asylpolitikkens jarntriangel, H, FRP og AP, har eit overveldande fleirtal i Stortinget.

Asylpolitikken som er vedteken etter valet, er endå strengare enn den SV kjempa i mot i det raud-grøne fleirtalet. Talet på flyktningar frå Syria vart halvert, Noreg skal prioritera ressurssterke kvoteflyktningar og ikkje dei som har størst behov, underhaldskravet i familieetableringssaker er heva, og kravet om butid for permanent opphaldsløyve er heva frå tre til fem år.

Krf og Venstre har fått avtale med den blåblå regjeringa om at utlendingestyresmaktene i større grad skal leggja vekt på det barnefagleg forsvarlege, pluss ei eingongsløysing for somme lengeventande born (kanskje inntil 170). Årsmøtet i Hordaland SV gler seg over kvart einaste lengeventande barn som kjem til å få bli som fylgje av denne avtalen. Men det er ikkje nok. Born skal ikkje sitja i menneskerettslandet Noreg med livet på vent i årevis, for somme sin del i meir enn ti år. Det er urett, uverdig og umenneskeleg.

Årsmøtet i Hordaland SV krev at:

  • Lengeventande asylborn og deira familiar må få permanent opphald i Noreg
  • Barnets beste må vera overordna prinsipp, og born skal vurderast sjølvstendig ved søknader om asyl
  • Ordninga med mellombelse opphaldsløyve for einslege mindreårige mellom 15 – 18 år må avskaffast
  • Dei som har vorte ramma av ordninga må få vurdert søknadene sine på nytt og i lys av sterke menneskelege omsyn
  • Omsorgsansvaret for alle einslege asylsøkjande born må overførast til barneverntenesta.

Årsmøtet i Hordaland SV appellerer til fagrørsla,det breie organisasjonslivet, andre parti og einskildmenneske om å stø opp om arbeidet for ein human asylpolitikk. Aller fyrst må det finnast humane løysingar for dei lengeventande borna og dei einslege mindreårige. Årsmøtet i Hordaland SV løyver kr 1.000 til organisasjonen «De andre».

Hordaland SV kjem aldri til å gje opp kampen for ein human asylpolitikk!

Sexkjøpslova fungerer

Sexkjøpslova er effektiv, førebyggjande mot brotsverk og eit våpen mot menneskehandel. Dette er dei klare konklusjonane til Stockholmspolitiet, som no har handheva forbodet mot sexkjøp i Sverige i 13 år. Dei blåblå har programfesta å oppheve sexkjøpsloven. Det advarer Hordaland SV sterkt imot.

Hordaland SV oppmoder Høgre til å snakke med sine borgelege kameratar i Sverige. For i motsetnad til i Norge er det i Sverige tverrpolitisk semje om å bevare lova, og full semje om at lova er eit effektivt verktøy for å redusere prostitusjon. Den demmer opp mot handel med menneske inn til Sverige. Somme trur at fordi ein framleis har kvinner i prostitusjon i Noreg, fungerer ikkje lova. Lova i Noreg fungerer. Og dei blå som no har programfesta å fjerne lova vil få seg ein kraftig blåmandag viss dei fjernar lova. Over dagen vil ein sjå betydeleg fleire kvinner på gata, og fleire vil komme hit via kriminelle menneskehandelnettverk. Noreg, med si rikdom, vil uansett vere ein magnet for dei som vil tene penger på kriminell verksemd.

Internasjonalt ser organisasjonar, fagfolk og kvinner som har komme ut av prostitusjon – til Noreg og den nordiske modellen. Det vil vere eit internasjonalt tilbakeslag og eit totalt nederlag for kampen mot prostitusjon om vi fjernar lova i Norge, og ein gigantisk seier for den globale sexindustrien.

Hordaland SV meiner det ikkje er grunnlag for å seie at prostitusjonen vert meir skjult med lova, eller at den har ført til eit meir brutalt sexmarked. Prostitusjonen kan aldri gå meir under jorda enn at den prostituerte og den potensielle kunden får kjennskap til kvarandre. Viss dei får tak i kvarandre, får også politiet enkelt kjennskap til verksemda. For det andre er det å vere prostituert noko av det farlegaste ei kvinne uansett utset seg for, og det uansett om denne marknaden er liberalisert eller forboden. Prostituerte blir i veldig stor grad krenka, utnytta og utsette for vold.

Prostitusjon er vold og overgrep mot kvinner. Kun i ei verd der det er utenkeleg at kvinner kan verte kjøpt for pengar kan det oppstå ekte likeverd og frigjøring. Derfor er det veldig bra at haldningar mellom unge til å kjøpe sex har endra seg, og det er spesielt gledelig at dette gjeld unge menn. Eit fleirtal (65%) i den norske befolkninga støtter også lova. Hordaland SV meiner derimot det blir håplaust å skulle ha haldningskampanjar på skular mot prostitusjon viss Noreg på samme tid fjernar sjølve lova. Lova i seg sjølv er vårt beste verkemiddel til å endre haldningar og normar i samfunnet.

«Eit lovforbod må verte kombinert med andre tiltak», skreiv SV før vi fekk gjennom lova i regjering og storting. Regjeringa har gjort ein del i perioden, vi har sett av 10 millionar til ulike prosjekt, og i tillegg eigne midlar til prosjekt retta inn mot menneskehandel. Noko av det beste som har skjedd den siste tida er at vi har fått fleire miljø som jobbar med denne problematikken på ulikt vis. ProSenteret, ROSA-prosjektet, Nadheim med fleire, har alle bygd seg opp kompetanse som det er viktig å bygge vidare på, men vi treng meir kompetanse, og meir stabil og forutsigbar organisering av verkemiddel inn mot dette feltet. Spesielt må vi styrke arbeidet med å få kvinner ut av prostitusjon, og Hordaland SV meiner tida er inne for å få eit kompetansesenter innan menneskehandel og prostitusjon til Bergen.

Hent Taiman hjem!

Årsmøtet i Hordaland SV krev at hordalendingen Taiman vert henta heim til Bergen og heimfylket sitt. Årsmøtet meiner den brutale uttransporteringa av Taiman, som bar preg av å vera rein kidnapping, var meiningslaus og strid mot all rettskjensle og humanitet. Hordaland SV krev at regjering og Storting avklårar om deportasjonen av Taiman Agid Fatah er i tråd med norsk asylpolitikk og familiepolitikk. Anten Utlendingenemnda eller regjeringa/justisministeren må skjera gjennom ein røyndomsfjern juss og henta Taiman attende til Noreg!

27 år gamle Taiman vart pågripen i Bergen onsdag for to veker sidan, ført til Trandum og uttransportert måndag. Hordaland SV meiner bestemt at utlendingeforvaltninga ikkje har gjeve Taiman si sak individuell førehaving . Det er uråd å sjå at UNE har vurdert Taimans særskilde tilknyting til landet og menneskelege omsyn.

Mor til Taiman søkte asyl i Noreg 25. juli 2001, saman med Taiman på 14 år og seks born til. Dette skulle visa seg å vera 24 dagar for seint til å bli vurdert etter eingongsvedtaket i Stortinget våren 2004 som i realiteten gav amnesti til asylsøkjarfamiliar som hadde vore i Noreg minimum tre år pr 1. juli 2004. I 2005, då mora og dei yngre syskena fekk opphald ved familiegjenforeining, hadde Taiman fylt 18 år. Utlendingeforvaltninga skilde då Taiman si sak frå resten av familien og behandla han som einsleg vaksen. Seinare har utlendingeforvaltninga nekta å inkludera Taiman som ein del av familien, sjølv om han definitivt var mindreårig då han kom til Noreg saman med mor si.

Sidan han var 14 år har Taiman levd i ein limbo-tilstand, med livet på vent, utan rett til vidaregåande skulegang og arbeid. Det er i Noreg han har hatt tenåringstida og ungdommen fram til no, det er Noreg som er hans heimland.

Taiman har vorte offer for den såkalla «strenge og rettferdige» asylpolitikken som let humanitet og anstendighet vika for innvandringsregulerande omsyn. UNE, UDI og Politiets Utlendingeeining er underlagde effektiviseringskrav og måltal. Under dette regimet tel Taiman i pluss einast når han kan kryssast av som uttransportert. Såleis vart han uttransportert utan at advokaten fekk reell sjanse til å påklaga avgjerda og be om utsett iverksetjing. I norsk asylpolitikk tel ikkje mennesket Taiman. Fordi han er fødd på feil tidspunkt og kom til Noreg på feil tidspunkt, gjeld ikkje norsk, offisiell humanitet for Taiman.

Norsk asylpolitikk viser seg på nytt ikkje å tola møtet med einskildmennesket. Utlendingeforvaltninga har nok ein gong spela falitt når det gjeld å sikra rettstryggleik for asylsøkjarar. Lang saksbehandlingstid frå 2001-2005 tok frå Taiman retten til å få si sak og seg behandla som barn. Den einvise, nådelause behandlinga av Taiman har opprørt menneske på ein heils spesiell måte og i uventa omfang. Årsmøtet i Hordaland SV apellerer til statsministeren, justisministeren, regjeringa og Stortinget om å setja seg inn i Taiman si sak. Vi krev at norske styresmakter hentar Taiman heim att, og vi krev at han får opphald i Noreg ut ifrå sterke menneskelege omsyn og tilknyting til riket. Taiman skal heim!

Kva USA veit om oss

Det er berre å vedgå det: Eg er ein ivrig Facebook-brukar. Og eg er ikkje den einaste.

Via fjesboka har eg kome i kontakt med barndomsvener og ungdomsvener og mange andre som hadde «glippa» for meg opp gjennom åra, politiske motstandarar og medspelarar, nynorskfolk og jamvel bokmålsfolk i hopetal! Eg propaganderer aldri så lite for sosialismen også eg, på på facebook. Ikkje så reint lite heller, vil somme seia. No om dagen driv eg og «vervar» så mange eg kan til å ta imot SVs verveavis «Del Godene» – SV sitt mest kjende slagord har fått sin oppstandelse alldeles som ein Fugl Føniks.

Nynorsken propaganderer eg også for, rett så ofte, når eg tenkjer meg om. Og ein del andre saker. Postlevering til heimegrenda Eikemo, for eksempel. Posten burde forresten skjemmast som ikkje vil gje heimegrenda postlevering meir enn tre gongar for veka. Det har eg skrive og sagt før, og det kjem eg til å gjera fleire gongar. Så spørst det då, om dette er så interessant at nord-amerikansk overvaking finn dette så interessant at dei sit og omset og tråklar seg gjennom ein dialektprega nynorsk. I så fall får eg seia som mamma: «Lukke på reisa!»

Men det er diverre ikkje så sprøtt som det kan synast ved fyrste augekast. Det veit vi no. Fyrst i juni avslørte den britiske avisa The Guardian og amerikanske Washington Post at etteretningsorganisasjonen NSA (National Security Agency) har drive omfattande overvaking av utlendingars data- og teletrafikk. Kanskje har dei fått med seg min omfattande vervekampanje for Noregs Mållag då den var på sitt mest intense i fjor også? Veit dei at eg har verva 428 medlemer til Noregs Mållag? Dei to siste veit dei ikkje om, trur eg, for dei har eg ikkje meldt inn enno. Eller forresten: dei har begge meldt seg til meg på fjesboka. Ikkje ope, men i lukka melding. Dei lukka meldingane er sikkert peanuts for NSA å lesa – om dei har interesse av det. Og slik ei storverving til Noregs Mållag kan jo vera skummelt? Sjølv om det var riksmåls-silkerampen som gjekk til utilbørlege aksjonar då Det Norske Teateret opna i Christiania for 100 år sidan….

Det er den tidlegare NSA-teknikaren Edward Snowden som varsla om overvakingsprogrammet Prism. Det tyske nyhendemagasinet Der Spiegel, som er noko av det mest seriøse som finst av denne slags i Europa, melde i helga at også EUs utanriksstasjonar i USA, i New York og Washington, har vorte overvaka. EU har reagert kraftig på avsløringane. Så kraftig at det også har vorte fart i dei puddelaktige ansvarlege i den norske regjeringa: justisminister Faremo og statssekretær Pål Lønseth. Det er Lønseth som vert send i offentlegheita når det skal snakkast slik at folk og fe forstår det. Til Klassekampen i går sa Lønseth at «Anklagene om at USA har overvåket ambassader er svært alvorlige. Stemmer de, er det helt uakseptabelt.» Det er jo ikkje nett nordnorsk bannskap i formuleringane, men i politikkens og diplomatiets vokabular er dette rimeleg klår tale. Og i alle fall noko heilt anna enn det både Faremo og Lønseth har sagt før; at dei hadde fått forsikringar frå amerikanarane om at dei ikkje hadde gjort noko kritikkverdig. Hallo? Trur politisk leiing i Justisdepartementet på julenissen? Når det kjem til kritikklaus lydnad overfor USA, er det berre Høgre og Frp som kan måla seg med Ap. Men no er det då lenge sidan Haakon Lie var partisekretær i ørnen blant partier?

Presidenten i EU-parlamentet, Martin Schulz, har kalla overvakinga ein potensielt «enorm skandale», og tyske styresmakter har reagert kraftig på avsløringane. Aksel Hagen, SV-stortingsrepresentant, meiner politisk leiing i Justisdepartementet har vore for naiv overfor USA. I Klassekampen i går tok han til orde for at Noreg bør alliera seg med EU for å få greie på omfanget av overvakinga. Det er faktisk Lønseth positiv til, og han går så langt som til å seia at «vi ikke blindt legger til grunn alt amerikanerne forteller oss.» Det er nesten så det er eit opprør som vert varsla av Lønseth. Og i same nummer av Klassekampen, altså gårsdagens, er forsyne meg Frp ute og er kritiske til USA. Det kan dei tillata seg når dei raud-grøne er i posisjon, sjølvsagt, utan at dei gjev slepp på sin plass i den USA-lydige heiagjengen når det kjem til stykket. Tenkjer no eg.

Imedan er varslaren Edward Snowden framleis på Sjerementjevo-flyplassen i Russland, der han har opphalde seg sidan jonsokaftan. Han har no søkt asyl i 15 land, mellom dei Noreg. Sosialistisk Ungdom meiner Snowden bør få asyl i Noreg: «Jeg frykter at vi vil se mer til konflikter mellom myndigheters trang til overvåking og individets frihet fremover. For at friheten skal vinne frem i den kampen, er det avgjørende at vi klarer å ta vare på varslerne som tør å si ifra når myndighetene tråkker over streken,» uttala leiar Andreas Halse til NRK i går. Statssekretær Lønseth passar på mest nidkjære vis på regelverket og seier at asyl ikkje kan søkjast frå eit anna land. Då gløymer han behendig at det har vore gjort før. Han passar på Noregs portar, Lønseth. Men eg lurer på kva USA veit om deg og meg og det vi skriv på nettet utan å tenkja oss om. Montru det finst ein overvakar der ute som lurer på å bli medlem i Noregs Mållag?

Eg lurer på kva USA veit om deg og meg, og det vi skriv på nettet utan å tenkja oss om.

Publisert i Bergensavisen 3. juli 2013.

Om forfattaren
oddny Oddny Miljeteig sit i landsstyret til SV og er gruppeleiar for SV i bystyret i Bergen.

Skyld, skam og sex

Hvis jeg går på byen i dag, møter en fyr, flørter, og han seinere på kvelden voldtar meg, mener 28 prosent av norske menn at jeg har meg selv å takke. Dette er bare ett av mange skremmende tall som kom fram i en undersøkelse Amnesty bestilte for å kartlegge holdninger til overgrep.

Dessverre er det altfor mange som legger skyld og skam på offeret. En av dem er lensmann ved Orkdal og Agnenes lensmannskontor, Elisabeth Eriksen. En skulle anta at hun forstår prinsipper som «min kropp» og «din kropp», men her er sannheten skuffende. Eriksen sier i et intervju med Dagbladet at stadig mer frilynt sex kombinert med alkohol i stor grad gjør ofrene ansvarlige. Hun leker også med ideen om at en del anmeldte voldtekter ikke er overgrep, bare anger. Blant annet uttaler hun: «Terskelen for å ha sex er ikke høy. Det kan synes som de tar for lett på det. Vi kunne unngått flere anmeldelser om de unge hadde høyere terskel for sex – om spilte Ludo i stedet for å ha sex på nachspiel».

Som ung jente med begeistring for både sex og Ludo vil jeg be Eriksen drite og dra. Det er en enorm forskjell på samtykkende og tvungen sex. Å viske ut skillelinjene er forkastelig – det undergraver overgrepsofres rettssikkerhet og troverdighet. Årlig blir mellom 8000 og 16 000 jenter utsatt for voldtekt eller voldtektsforsøk i Norge. Et av de største problemene med overgrep er at få blir anmeldt. Det forstår jeg godt. Hvem vil anmelde når lensmannen mener det er din egen feil? Eriksen burde skamme seg. Du har aldri skyld i at andre tar seg til rette på din kropp mot din vilje. I 2013 burde det være en selvfølge.

Jeg tror på mennesker. Jeg tror en gutt klarer å se en drita jente uten å voldta. Eriksen kan ha rett i at en del, ikke alle, voldtekter kommer av misforståelser. Mange kunne vært hindret om partene hadde vært kjent med temaer som «reelt samtykke» og «grensesetting». Vi må gjøre noe med det. Vi kan ikke godta at noen prøver å legge skyld på offeret. Hvis vi slutter å oppføre oss som konservative moralister som tror et aktivt seksualliv er en synd, kan vi se på løsninger: Voldtektsmottak i hver kommune. Øremerkede midler til etterforsking. Et politi med kunnskap om emnet. Forebygging. Fokus på grensesetting og respekt for kropp inn i skolepensum.

Kjære Elisabeth Eriksen. Jeg er glad i ludo, men jeg er også glad i alkohol og sex. Likevel vil jeg forbeholde meg retten til selv å bestemme når det er greit at andre mennesker klår på kroppen min.

Innlegget har vært på trykk i Dagbladet 4. juli 2013

Om forfatteren
Hilde_boberg_vestadrag Hilde Boberg Andresen er leder i Hordaland SU

Kjære frafalne arbeiderklassepurkkollega

Dette er et svar på Morten Drægnis innlegg «En klassesnuts reise» på Minerva.

Endelig opplever jeg at en ung engasjert kollega setter fingeren på et ømt punkt både hos politiet og hos venstresiden.

Den historiske konflikten mellom makthavernes forlengede lansespiss, og de utålmodige samfunnsomvelterne har lenge voldt frustrasjoner og identitetskriser hos flere av oss.

Du er en ung og engasjert politimann. Jeg er veldig lei for at venstresiden har tapt deg. Det er nettopp din type og generasjon som vil være med på å prege justissamfunnet videre fremover.

Jeg skulle gjerne ha tilbrakt noen rolige skift i samme patruljebil som deg. Det er ingen situasjon hvor du kommer nærmere en kollega enn i samme politibil, hvor begge er avhengige av makkerens innsats, evne til å lese situasjonen, vilje til å løse oppgaven på en omforenet måte, og støtte når tingene går i en retning man ikke hadde forutsett.

Selv har jeg 30 års fartstid i politietaten, 8 år som lensmannsdreng, og 22 år som påtalejurist. Jeg er gammel, desillusjonert og kanskje ikke særlig mye å satse på lenger.

Men jeg har hele tiden følt meg trygt plassert på venstresiden i det politiske bildet. I motsetning til deg, har jeg sakte men sikkert beveget meg videre mot venstre, fra AUF i tidlige år, til en situasjon hvor jeg opplever mitt eget SV som holdningsløst oppslukt av «the establishment», og som servilt logrende for Ap.

Venstresidens fordommer
Jeg oppfatter deg som mer skuffet over venstresidens fordommer mot politiet, enn politiets fordommer mot venstresiden.

Hvis så er tilfellet, er jeg helt enig med deg.

Mine kolleger, på alle nivåer, er i hovedsak samfunnsengasjerte mennesker som er opptatt av å bidra positivt for fellesskapet. De er ikke ute etter gods, gull eller berømmelse. Da hadde de valgt en annen karriere.

Mange har et verdisyn og et politisk grunnsyn som er forenlig med SV sin profil. Flere kolleger har tilkjennegitt at de har stemt SV og Rødt. Jeg tror at det er en myte at politifolk i stor grad stemmer FrP.

Jeg har mye oftere opplevd SV’ere uttale: «Jøss, er du purk?» enn politifolk si: «Jøss, er du SV’er?». Det er nok venstresiden som sliter med fordommer.

Samfunnets «Prügelknaber»
Dessverre opplever vi, som sagt, at SV’ere er kritisk til politiet – og etatens ansatte – på et grunnlag som bygger på historiske hendelser av type «Menstadslaget».

Vi har alle behov for fiender. Historien har vist at intet er mer samlende enn en ytre fiende. Da er politiet en fiende som er god å ty til. Enten man blir tatt i butikknaskeri, i laserkontroll, i skattesvik, eller i ulovlig demonstrasjon, er politiet den synlige representanten for makten. Mange mennesker, både SV’ere og andre, retter da skytset mot representanten for det etablerte maktapparat, nemlig du og jeg.

På den andre siden retter høyrekreftene sitt skyts mot politiet når kapitalisten i sin Porsche blir tatt i laserkontroll, når den næringsdrivende blir etterforsket for momsunndragelse, eller når saken mot den narkomane hjemløse som har nasket en sekspakning øl fra butikkjeden blir henlagt. Så, kjære kollega, for å si det som vi gjør i Bergen: «Samme kordan du snur deg, har du ræven bak!».

Alle politiske farger vil at politiet skal snu sine prioriteringer fra å være rettet mot dem, til å være rettet mot den til enhver tid definerte politiske og sosiale fiende.

Prioritering av politiet og justissektoren
Vi har vi opp gjennom årene opplevd at justissektoren ikke har vært det mest ”sexy” området i den politiske agenda. Vi har hatt justisministre som ikke akkurat fremstått kraftfullet (uavhengig av politisk farge), og vi har opplevd justispolitiske talspersoner som burde ha fått «Stutum-medaljen», hvis de i det i det hele tatt har vært noen justispolitiske talspersoner, hvilket er enda verre.

Vi har sett vedtakelse av lover hvor det ikke har vært gitt ressurser til å håndheve lovene. Og vi har sett at politikere fraskrive seg ansvaret for 22. Juli situasjonen, og skyve ansvaret så langt ned det kan komme, nemlig ned i den punkterte gummibåten.

Men – kjære kollega – er ikke situasjonen for oss den fordømt samme enten vi har hatt rød/grønn regjering eller vi har blå/hvit regjering? Kan du peke på en epoke i historien hvor en regjering – uavhengig av farge – har viet justissektoren oppmerksomhet og gitt nødvendige ressurser? Jeg har gjennomlevd mange regjeringer av mange farger, men har ikke merket noen forskjell fra blått til rødt. Vi har hele veien stått med uniformsluen i hånden og tryglet om almisser.

Det totale politiske bildet
Jeg deler ditt engasjement for vårt fagfelt. Også for meg er rettferdighet og likebehandling viktig. Samtidig må vi ikke stikke hodet ned i justissanden og glemme at også utdannelse, helse, forsvar, asyl, miljø, samferdsel, er alle eksempler på områder vi må ha tatt stilling til når vi skal avgi stemme. Valget av yrke sier noe om hvor vårt engasjement er, men det hjelper lite å ha en ideell rettsstat hvis resten av systemet er elendig.

Forslag til løsning
Jeg antar at du vil ha Erna ved roret. Jeg vil ha Jens ved roret. Uavhengig av hvem som blir statsminister foreslår jeg at du og jeg sammen deler plassen som justisminister. Da vil vi kunne bytte ut pølsene fra piketten med masse fine lunsjer og middager og sikkert tjene mer enn vi nå gjør til sammen. Men det viktige for oss som politifolk er å ta med oss erfaringer og et verdigrunnlag som de fleste av våre forgjengere aldri har hatt mulighet til å bibiringe det politiske liv. Hvis vi deler justisministerposten mellom oss, vil vi fortsatt kunne tilbringe mye tid der våre hjerter hører hjemme – i politiet!

Og – helt ærlig – avstanden mellom Høyre og SV er vil ikke særlig stor innenfor vårt fagfelt – eller?

Kollegial hilsen
Harald Bilberg
Politiadvokat i Bergen

Dette innlegget har vært publisert på Minerva.

Om forfatteren
Harald_Bilberg_vestadrag Harald Bilberg er politiadvokat og styremedlem i Bergen SV