Energipolitikk

Nei til utholing av det norske vassdragsvernet

Det vert i desse dagar initiert å auka konsesjonsgrensa for utbygging i verna vassdrag frå 1 MW til 5 MW – i von om blåblå velvilje. Ein slik auke av konsesjonsgrensa vil bety ei tragisk utholing av det norske vassdragsvernet.

Verneplanane for vassdrag er vorte til gjennom fleire tiår (1973, 1980, 1986 og 1993 med suppleringar i 2005 og 2009). Det er vektlagt å ta vare på eit representativt utval av norsk vassdragsnatur med spesielle verdiar i tilknyting forsking, friluftsliv, naturvern, vilt, fisk, kulturminner og reiseliv. Det har i verneplanarbeidet vore viktig å sikra heile nedbørfelt med dynamikken og variasjonen dei representerer. Til saman er det vedteke vern av i alt 391 vassdrag og vassdragsområde i Noreg.

Svært mykje av vatnet som renn i Noreg, er utbygd eller skal utbyggjast – i Hordaland er det no kun 13% av vatnet som renn fritt. Først var dei verna vassdraga sikra mot eitkvart kraftinngrep, men i 2005 vart det tillete med inngrep opp til 1 MW.

Men endå er ikkje utbyggjarane nøgde, for det finst nokon vassdrag som er verna. Det vert i ulike kommunar arbeidt med å fremja å auka konsesjonsgrensa for utbygging i verna vassdrag frå 1 MW til 5 MW. Det kan medføra store inngrep, og vil bety ei utvatning av det norske vassdragsvernet.

SV står fast ved verneplan I-IV for norske vassdrag.

Ein miljøvenleg og offentleg styrt energipolitikk

SVs sitt arbeidsprogram for 2013-2017 har som eit av sine tre hovudmål for miljøpolitikken, at Noreg skal verte det første i landet i verda som klare å stanse tapet av naturmangfald. Detter er eit både djervt og klokt mål. Naturen har både ein store eigenverdi og ein stor verdi i kraft av at den utgjer sjølve grunnlaget for livet. Å syta for å vidareføre naturarven krev samordna innsats mellom og på dei fleste samfunnsområde. FN-organet IPCC sine tilrådde kutt i utsleppa av klimagassar og måla i FN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), må vere dei førande for energipolitikken i Noreg. Vi må både redusere energiforbruket og klimagassutsleppa, og samstundes stanse tapet av naturmangfald. Den noverande energipolitikken gjør det motsette. Utsleppa aukar mens naturverdiane og naturmangfaldet vert redusert.

I den landbaserte energipolitikken er det naudsynt med enda raskare politiske grep. Etter innføringa av den nye Energilova i 1991, som SV røysta mot, har politikken på dette feltet vorte rulla attende til fordel for marknadsstyring. Politikarane har avgrensa sitt eige handlingsrom til ulike formar for sokalla «teknologinøytrale» marknadsbasert insentiv. Denne avgrensa politikken ber med seg to store problem. For det første verkar ulike verkemiddel direkte mot kvarandre (til dømes energieffektivisering og auka produksjon av energi), og for det andre har han førd till alvorlege utilsikta konsekvensar. Eit no stadig større og skrikande døme på ein slik utilsikta konsekvens er det kraftige presset dei grøne sertifikat har skapt mot det norske naturmangfaldet.

Etter innføringa av det felles nordiske grøne sertifikatmarkedet i 2011 kunne det skjedd ei utvikling av meir miljøvennleg og teknologi knyta til dette. Sertifikat-ordninga omfatte: vasskraft, vindkraft, solenergi, havenergi, geotermisk energi og bioenergi. Men det som i all hovudsak har skjedd er at gammal kjent energiteknikk med tidvis store negative miljøkonsekvensar, har vorte fremja. Dei anten meir kostbare eller umodne teknikkane har vorte lagt vekk. Det vi til dømes seie at jordvarme vert nedprioritert medan vass- og vindkraft vert prioritert opp. Det vart åtvare frå mellom anna, Direktoratet for naturforvaltning om at det burde vore gjort ei «miljøkonsekvensutgreiing» før ordninga vart innførd. Fleire av dei mange vass- og vindkraftprosjekta som no er omsøkt kan vere akseptable i høve til at dei tek tilstrekkeleg naturomsyn, men den samla belastninga av omsøkte prosjekt er no ei trussel mot norsk naturmangfald.

Utfasing av fossil energi må i hovudsak skje ved hjelp av energisparing/-effektivisering og betre utnytting av allereie utbygd fornybar energi framfor å leggje til rette for økt energiforbruk, slik dagens ordning legg opp til med dei miljø øydelegginga det føre med seg. Hordaland SV krev difor at kvite sertifikat eller tilsvarande ordningar som fremjer effektiv energiutnytting, vert innførd og erstatte dagens el-sertifikatordning.

Hordaland SV krev difor at som eit minste krav må el-sertifikatordninga kunne endras til det betre, slik at ny vasskraft vert teken ut av ordninga. I tillegg til dette treng vi eit nytt forvaltningsregime for all bygging av energianlegg som krev naturinngrep. Naturmangfaldloven må ha ein tydeleg overordna status og difor bør hovudansvaret verte flytta frå NVE og Olje- og energidepartementet til Miljødirektoratet og Miljøverndepartement. Naturomsyn og heilskapleg forvaltning må verte meir enn honnørord. De må vise seg tydeleg i staten si samla forvaltning. På lengre sikt må dette omfatte alle viktige ressursområde. På kort sikt må det vise seg i ein heilskapleg politisk styrt utvikling av ny fornybar energi.