Arbeidsliv

Kven skal styre Bybanen?

Fylkestinget skal i dag handsame om operatørrolla, i all hovudsak sjåførane, av Bybanen framleis skal vere konkurranseutsett til utanlandske Keolis, eller bli ein del av eit heileigd offentleg selskap. Bybanen er i dag delt mellom tre selskap. Offentlege Bybanen AS vedlikehalde infrastruktur (skinnegang, likestrømforsyning, signalanlegg). Stadler vedlikehalde vognene. Keolis (operatøren) har arbeidsgivar- og opplæringsansvar for sjåførane, og skal ha totalansvaret for styring av all aktivitet knytt til tryggleik (inkludert infrastruktur og vogner).

Det viktigaste argumentet for å ta dette inn i eit heileig offentleg selskap er tryggleik. Vi veit at tryggleik omsyn og økonomiske omsyn trekker i kvar sin retning. Skyldas ein kollisjon at bremsane var for dårlege (feil hjå Stadler), at skinnegangen var for glatt (feil hjå Bybanen AS) eller at føraren hadde for dårleg opplæring (feil hos Keolis)? Svaret vil ha økonomiske følgjer for selskapet. Det er lønnsamt for den enkelte aktør at ein annan aktør får ansvaret. Interessekonfliktane kan lamme tryggleiksarbeidet.

Alle dei tre selskapa som i dag driv Bybanen er aksjeselskapa, men to av dei er multinasjonale konsern med utanlandske eigarar. Som normalt for alle private verksemd, er dei i bransjen for å tene pengar, og dei kan gå konkurs. Treng eg å nemne RenoNorden..? Kva er det verste ved ein slik situasjon, tryggleiken eller den økonomiske rekninga? Det som er heilt klart er at det offentlege sitter igjen med ansvaret uansett. Dette er knapt problematisert.

Mange er uroa for fylkeskommunen sin økonomiske situasjon. Men det er ikkje det å ta operatøren inn i eit heileig offentlig AS, som er det som vil velte fylkeskommunen sin økonomi. I Thommesen-rapporten slås det fast at viss Fylkeskommunen overtar bybanekjøringa i eigen regi, vil både Arbeidsmiljølova og Jernbanelovas reglar om verksemdoverdraging gjelde. Konkret betyr dette at sjåførane vil ha krav på at tariffavtalane og pensjonsforholda dei i dag har i Keolis, skal føres vidare. Fylkeskommunen pådrar seg ikkje nokon forpliktingar utover dette. Det er ingen som har foreslått noe anna enn at bybanekjøring i eigenregi vert organisert som eit AS, og konsernmodell vart vedtatt allereie i sommar. Det er derfor vanskeleg å forstå kvifor påstandar om mangemillionbeløp til framtidige ytelsespensjonar, har fått ein så sentral plass i debatten om eigenregi.

Dessutan vil ein også kunne drifte meir effektivt ved at økonomiske konflikt knytt til ansvarsfordeling, tryggleik og transaksjonskostnadar vert redusert. Ein kan også ta ut meir stordriftsfordelar gjennom at dotterselskap og morselskap kan ha felles ingeniør-, jurist og økonomiavdeling.

Det å få dei tilsette over frå ei usikker tilvære i ulike multinasjonale konsern som kvart åttande år vert lyst ut på anbod, til å bli ein del av eit integrert offentleg kollektivkonsern vil ha veldig mykje å seie for tilsette. Sjåførane skal ha ein føreseieleg og trygg arbeidsplass som sikrar dei medråderett iht. lov- og avtaleverk. I dagens modell er ikkje dette godt nok. Arbeidsgivaren til bybanesjåførane har i dag ein avgrensa styring over sjåførane sin arbeidsdag, fordi dette er det fylkeskommunen gjennom Skyss og Bybanen AS som bestemmer.

Så vil mange tenke at den private drifta av Bybanen har jo vore ein suksess, auka passasjertal og stabil drift. Men denne suksessen må delast mellom det heileigde offentlege selskapet Bybanen AS, det fylkeskommunale Skyss, Keolis og Stadler. Alle har dei medverka til framgangen. Nokon av oss trur likevel at vi kunne gjort det like godt, om ikkje betre, innafor ein integrert offentleg modell. Kvifor? Fordi det har Oslo klart. Sporveien AS drifter alt frå T-bane til trikk, samt eig og vedlikehalde infrastruktur. Det offentlege kollektivselskapet Sporveien AS er eit av dei mest effektive kollektivselskapa i verda.

Marthe Hammer, nestleiar utval miljø og samferdsle

Innlegget vart publisert på BA sin nettside 12.12.17

Stopp angrepa på norsk digital læringsarena

To rapportar frå Deloitte AS konkluderer med at Norsk Digital Læringsarena (NDLA) har brote arbeidsmiljøloven, forvaltningsloven og lov om offentlige anskaffelser. Vedtaket som vart fatta av fylkestinget den 3. oktober syner med tydelegheit at alle avvik i organisasjonen er lukka eller i ferd med å bli lukka. Det er difor med undring ein kan lese kva som skjer vidare. I sak etter sak i NRK vert det framsett direkte usanne påstandar om misleg framferd, varsling og uønskte hendingar. Til slutt vel dagleg leiar å fråtre stillinga si ? for kva. Kva har skjedd?

I SV har vi alle vorte skulerte gjennom Berit Ås og hennar politiske mantra, «follow the money». Er det nokon som har noko å tene på usikkerheit knytt til NDLA?

NDLA har sidan starten hatt mektige motstandarar i media og forlags-Noreg. Dei tre store forlaga i Oslo har ei vesentleg del av si botnline og enorme inntekter nettopp frå læremidlar til kommunar og fylkeskommunar. Norske skular og elevar vert etter SV si meining grovt utnytta. Læremidlar i enkelte fag kan kome opp i over 1500 kroner per fag, og profittjaget gjer det og tilnærma umogleg å få læremidlar i fag med få elevar ? det er ikkje lønsamt.

Som eit motstykke til dette er NDLA med sine gode, rimelege og opne løysingar. I 2016 leverte NDLA pensum til 92 eksamensfag til ein kostnad av kroner 436 per elev i eigarfylka. Elevar i den vidaregåande skulen i Oslo hadde i 2015 og 2016 til saman 3.291.018 besøk hjå NDLA (mobil ikkje medrekna). Talet frå det andre store «NDLA fylket», Hordaland, var til samanlikning 2.043.167 besøk.

At det offentlege satsar på eigenproduserte læremidlar, som er opne for alle er demokratisk og god bruk av offentlege midlar. Motstykket er ei profittmaksimert lærebok frå Aschehoug eller Gyldendal, der læraren som har skrive boka maksimalt sit att med 15 prosent av inntekta frå salet. Om ein legg til produksjonskostnader og tek bort profitt til forlaga ville ei lærebok som i dag kostar 500 kroner kome på under hundrelappen. Forlaga er i dette eksempelet ikkje anna enn eit fordyrande mellomledd det offentlege sjølv kan erstatte.

Hausten 2016 lanserte KS det sokalla NDLA-G for grunnskulen. Grunnskulen er himmelropande mindre komplisert og har enormt færre fagprogram. Når ein får på plass ei offentleg finansiert løysing for digitale læremidlar i fagprogramma for grunnskulen kjem norske kommunar til å spara millionar ? årleg. Millionar som vert tekne direkte frå botnlinja til forlaga. Millionar som kan nyttast til dømes på fleire lærarar fleire ekskursjonar og mindre til privat profitt. Kvifor er NRK og politikarar, spesielt frå Ap i hovudstaden, opptekne av å snakke ned gode offentlege løysingar og opp gamle forlagskapitalistar?

Kvifor er det viktigare å sette fokus på 20 prosent til NDLA? Pengar dokumentert brukt godt og ikkje på dei 80 prosent som betaler hagefesten til Aschehoug- eigar William Nygaard?

SV kjem til å stø ei vidareutvikling av NDLA og NDLA-G Lokalt, regionalt og nasjonalt. Utviklinga i NDLA er eit frampeik på ein anna måte å forvalte læring på. Forlaga er som plateselskapa på 90-talet. Dei hindrar innovasjon, mangfald og konkurranse. Dei hindrar det offentlege å gje sine innbyggjarar dei beste tenestene. Det er det dette handlar om. Mine og dine skattekroner ? til mine og dine born.

 

Innlegget vart publisert i Klassekampen 5. desember 2017 og er skrevet av gruppeleiar i SV, Aud Karin Oen.

No må vi tenkje oss om!

«Kritisk viktig infrastruktur som bybaner er ikke egnet til å splittes opp og konkurranseutsettes.»

I 1996 var eg på min første sommarleir i Sosialistisk Ungdom (SU). Bergensaren Heikki Holmås, dåverande leiar i SU, heldt der ei flammande innleiing om korleis skape engasjement om ei sak. ­­Eksempelet var Bergen SU sin aksjon med ei gigantisk papirkasseutgåve av Bybanen midt i bybildet. Som trønder vart dette mitt første møte med ambisjonane om bybane i Bergen. Det er 20 år sidan.

No er Bybanen her og både bystyret og fylkestinget har den siste veka vedteke å sikre vidare finansiering og vidare utbygging gjennom byvekstavtalane og reguleringsplan. Men også organiseringa av Bybanen er ei eiga sak. Sidan nokon meiner at bybanen ikkje er verdt å satse på, lister eg opp alle dei gode grunnane for den: Bybane er miljøvennleg, både lokalt og globalt, og den er konkurransedyktig i forhold til bil. Bybanen er eit raskt reisealternativ, med ei snittfart som er raskare enn både T-banen i Oslo og undergrunnen i London. Banen bidreg til riktig byutvikling for ein moderne miljøvennlig storby. I planane ligg også verdas lengste sykkeltunnell.

Skinnegåande transport som bybane er noko heilt anna enn ei bussrute, og krev derfor spesiell kompetanse både på drift og vedlikehald, samt godkjenning frå Statens jernbanetilsyn. I dag er både drift og vedlikehald av Bybanen konkurranseutsett. Keolis drifter bybanen, og Stadler har ansvar for vognvedlikehaldet, men det er Bybanen AS som inngår avtale med dei begge. Dette liker ikkje Jernbanetilsynet. Forskrifta seier nemleg at den som drifter Bybanen (operatøren) bør vere den som er ansvarleg for kontrakten med vagnvedlikehaldet.

Fylkesrådmannen foreslo derfor å endre og utvide operatørrollen vesentleg, gjennom at operatøren får totalansvaret for tryggleiksstyring og bestilling av ­vedlikehaldstenester. Ein så grunnleggjande endring i operatørens rolle gjer at vi må tenkje oss om to gonger. For av alle modellar som vart presentert, var ingen av dei ein modell med drift og vedlikehald i offentlig regi. Det er merkjelig all den tid Oslo Sporveier og Ruter har ein slik modell for både trikk og T-bane i Oslo. Eit fleirtal i fylkestinget vedtok derfor å utgreie ein organisasjonsmodell for Bybanen, som også har som resultat at drifta, og på sikt vagnvedlikehaldet, kan verte utført av eit selskap som er eigd og kontrollert av Hordaland fylkeskommune.

I Europa har skinnegåande trafikk vore i kraftig vekst sidan 1990-tallet. Nettopp fordi Bybanen er ein viktig og kritisk offentleg infrastruktur med høge vedlikehaldskostnadar og tunge investeringar, er det viktig at vi også tek oss tid til å finne den beste måten å organisere den på. Kritisk viktig infrastruktur som bybaner er ikke egnet til å splittes opp og konkurranseutsettes. Vi ønskjer at ein aktør vert gjeve eit heilheitleg operativt drifts- og kundeansvar, med pengestraumar som sikrar samsvar mellom ansvar og myndigheit og langsiktige kontrakter med felles overordna mål. Dette får vi med ein modell som i Oslo. Sjølv 20 år etter mitt første møte med Bybanen, er ambisjonane høge og måla klare.

Bybanen skal fortsette å forandre Bergen og reisemønsteret til bergensarane – ikkje berre 20 år fram i tid, men i mange tiår framover. Den er vårt fremste verkemiddel for å gi folk eit miljøvennleg, føreseieleg og rimeleg kollektivtilbod. Sitat: Vi ønskjer at ein aktør vert gjeve eit heilheitleg operativt drifts- og kundeansvar. Det får vi med ein modell som i Oslo. Sitat: Bybanen er vårt fremste ­verkemiddel for å gi folk eit miljøvennleg, føreseieleg og rimeleg kollektivtilbod.

(Innlegget sto på trykk i Bergens Tidende 2. juli 2017)

Tilbake til start!

Forfatter: Marianne Sæhle, politisk nestleder i Hordaland SV

Er det for mye forlangt at politikerne tar ansvar for gjennomføringen av sine egne vedtak?

Dette er spørsmålet jeg sitter igjen med etter torsdagens avstemning i Stortinget, der flertallet bestående av Ap, V, MDG, H OG Frp, stemte nei til at Stortinget skulle ha siste ord angående nedleggelse av akuttkirurgi ved lokalsykehusene.

Man kan ha mange meninger om foretaksmodellen som styringsform for helsevesenet, men da den ble innført så var en av hovedideene at lokale politikere skulle sitte i styrene og ansvarliggjøres for helsetilbudet til befolkningen i sin region.

Da den nåværende regjeringen overtok var de raske med å bytte ut politikerne med «profesjonelle» styremedlemmer, ofte fra det private næringslivet.

Disse er nok dyktige på sine felt, men de er aldri valgt av befolkningen, og har ingen naturlige møtepunkter med befolkningen.

Dermed mistet innbyggerne muligheten for en direkte dialog med styremedlemmene.

Gleden var derfor stor fra min side da helseminister Bent Høie (H) la fram den nye nasjonale helse- og sykehusplanen, hvor han slår fast at det igjen skal tas en mer direkte politisk styring.

I den samme planen nevner han også fem lokalsykehus, som etter hans kriterier bør miste sin akuttfunksjon.

Protestene lot ikke vente på seg, man gikk i fakkeltog, det ble skrevet  avisinnlegg og stortingspolitikerne fra de forskjellige regionene engasjerte seg.

Spørsmålene fra Stortingets talerstol blir mange og krasse.

Etter en ny runde sier Høie plutselig at det er foretakene selv som må bestemme eventuelle nedleggelser, han har bare lagt kriteriene.

Igjen har altså politikerne skjøvet ubehagelige avgjørelser nedover.

Og her er vi ved kjernen i mitt innlegg. Det handler ikke om hvilke sykehus som skal beste, men om hvem som har ansvaret for avgjørelsen.

Jeg har derfor deltatt i noen diskusjoner på Facebook, for å prøve å få dette tydeliggjort.

Den 4. mars diskuterte jeg temaet med Kari Kjønaas Kjos, fra regjeringspartiet Frp, og leder av Helse- og omsorgskomiteen. I denne diskusjonen skriver Kjos at «helseministeren har siste ord, og han må informere stortinget først. Det betyr politisk debatt om større endringer»

Jeg fortsetter da med et oppklarende spørsmål «Betyr dette at å fjerne akuttkirurgi er en større endring og må opp til debatt i Stortinget?…..»

Kjos» kontante svar til meg er «ja»

Så bra! Endelig et tydelig svar. En politiker som påtar seg det ansvaret befolkningen har gitt henne!

17.3. stemte Kjos, sammen med flertallet nei til SVs forslag:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at større endringer, slik som forslag om å fjerne akuttkirurgi fra et sykehus, behandles i stortinget.»

Så da er vi tilbake til start:

«Politikere som fattet upopulære, men svært nødvendige tiltak, som de ikke vil stå ansvarlig for, men forlanger av andre skal gjennomføre!»

Innlegget ble publisert på BT 24.mars 2016

Ligg unna kvinnelønnen, MDG

Innlegget er skrevet av: Marthe Hammer, Marianne Sæhle, Hilde Boberg Andresen og Sara Bell

Kvinnefronten publiserte 18. august en oversikt over hva de forskjellige partiene i Bergen vil gjøre for likestilling. I denne svarer MDG at de ønsker en sekstimers arbeidsdag, men uten lønnskompensasjon. Det vil si kortere arbeidsdag og mindre lønn, til alle. Som om alle har nok å rutte med i dag? Sekstimers dag uten lønnskompensasjon er jo det vi har i dag.  Kvinner flest jobber sekstimersarbeidsdag, men betaler dette selv gjennom mindre inntekt, dårligere pensjonsvilkår og mindre tilknytning i arbeidslivet. Dette er det motsatte av å arbeide for likestilling.

For at 6 timers arbeidsdag skal være en suksess må vi anerkjenne at utgangspunktet ikke er likt for alle. Realiteten i dag er at menn fortsatt tjener langt mer enn kvinner. Typisk kvinnedominerte yrker tjener omtrent 85 prosent av mannsdominerte yrker med like lang utdanning, og kvinners inntekt er om lag 65 prosent av menn sin inntekt. Allerede lavt lønnende kvinner skal altså med MDG sin sekstimersdag få endra mindre i inntekt.  Dette er usosialt.

Vi trenger flere hender i arbeid. Det er anslått en mangel på 30.000 sykepleiere og 50.000 helsefagarbeidere i løpet av de neste 20-30 årene. Sammen med renholdere, barnehagelærere og barnehageassistenter utgjør de en stor gruppe kvinner med gjennomgående lavere lønn enn menn, og enda mindre inntekt.

Vi kan ikke takle fremtidens utfordringer hvis ikke vi har gode folk til å ta vare på oss når vi er syke, passe barna våre og støtter oss når vi nærmer oss livets slutt. Da må ikke straffe de som i utgangspunktet har problemer med å få endene til å møtes. I stedet bør vi sikre at de som i dag har selvvalgt deltid, heller jobber full stilling med en sekstimersdag.

Det private forbruket må ned. Dette er en del av veien til et grønt, bærekraftig samfunn. Og sekstimersdag må jobbes frem gjennom en allianse mellom fagbevegelsen, kvinnebevegelsen  og miljøbevegelsen. Fagbevegelsen må være med å ta dette verdivalget, og velge å ta ut framtidige verdiskapning i mer fritid og ikke mer lønn.

15 minutter i hvert oppgjør er forslaget fra Gerd Liv Valla, det er en god begynnelse. Da har vi sekstimersdag i løpet av 12 år. Det er ikke langt tid, når vi vet at det er 30 år siden man innførte 7,5 timers normalarbeidsdag gjennom tariffoppgjøret.

Et miljøparti som ønsker å straffe lavtlønte kvinner er et miljøparti for eliten. Så mye for solidaritet. MDG har rett i at det er mulig å være blokkuavhengig. Det betyr ikke at det er noen god ide. For om en glemmer å tenke på omfordeling og sosial utjevning, så ender en opp med at det er de lavtlønte yrkene som må betale for verdens miljøkrig. Og glemmer en likestillingen så ender en opp med at det er kvinnene som må ta hele byrden.

 

Innlegget sto på trykk i BT 28. august 2015

Ingen strategi for likestilling

Eg får ikkje alt med meg, det ser eg no. Midt i familieferien med fire barn, innimellom turar og husrydding, så ser eg tre veker på etterskot, at Senterpartiet og Marit Arnstad har løfta debatten om au pair ordninga. «Det er meir og meir akseptert å betale andre for å gjere reint hos oss», seier Mariya Bikova ved Universitetet i Bergen til NRK i samband med eit oppslag om firedobling av bruken av au pairar frå 2000 og fram til idag. Senterpartiet foreslår å fjerne heile ordninga og viser til dei mange tilfella av grove misbruk av ordninga som har funne stad dei siste åra. Eg og SV støtter Senterpartiet i dette. Dessverre har ordninga utvikla seg i feil retning, og når sjølv ei Høgre og Frp regjering kuttar tiltak som kunne gjort den betre, så er det tydeleg at ordninga ikkje har livets rett.

Det er klart at det er freistande å få nokre andre til å gjere den jobben som ein ser at ikkje vert gjort.  Det å få eit reint og ryddig hus, hjelp til å hente, bringe og passe ungane i ein hektisk kvardag er eit ønskje mange av oss har. Og eg skal ikkje moralisere over at det er krevjande med full jobb, ungar, hus og heim. Eg meiner å vite ein heil del om det. Treng ein hjelp til husvask og barnepass, så få ein betale for det. Problemet er at viss ein skal betale tarifflønn, så vert det for mange for kostbart. Heile ordninga består fordi det er billeg. Aupair ordninga er reelt sett ein organisert og akseptert form for sosial dumping. Importert billeg arbeidskraft for familier i tidsklemma. Og argumentet om kulturutveksling vert meir og meir latterleg jo høgare del av Filipinske jenter som kjem hit, og som sender pengane heim for å skaffe inntekt til storfamilien. Over 80% av aupairane som kjem til Noreg kjem frå Fillipinene.

Det er mange som ser au pair som ei løysing der både mor og far har krevjande jobbar, ja som seier det rett ut, at det å skaffe seg aupair er ein føresetnad for å nå karrieretoppen. Som aleinemor og teatersjef, skriver Amalie Nilsson at au pair er ein føresetnad for at ho kan vere toppleiar. Og Høgres Nicolay Astrup kunne sist haust belære norske kvinner om at løysinga for å nå leiartoppen var å skaffe seg ein au pair, slik som hans familie har gjort.

Noreg troner ikkje øvst i verda på kvinnelege leiarar, men au pair er ingen strategi for eit likestilt arbeidsliv. Alle dei 49 landa som har fleire kvinnelege toppleiarar enn Norge har alle nokre kjenneteikn som ikkje fell saman med full likestilling. «Noen kvinnelige toppsjefer velger bort barn; noen kjøper seg full pakke med tjenere og tjenester og ser barna i helgene, noen overlater dem til storfamilien og noen ofrer helsen. (…) I triangelet jobb-familie-helse må en av delene vike – for kvinner. » skriv Silvija Seres, investor og strategisk rådgivar i Aftenposten. Det same kan verte sagt om kvinners generelle muligheit til å delta i arbeidslivet i desse landa. I Noreg, derimot, har vi eit arbeidsliv som let kvinner kombinere familie og arbeid. Vi skal vere stolt over at norske kvinner er mellom dei som jobbar mest og får flest barn i verda. Det skuldast mellom anna ein god arbeidsmiljølov, gode ordningar for fødselspermisjon og rett til permisjon med sjuke barn, og det skuldast billege og tilgjengelege barnehagar. Ein politikk som har gjort det mogleg for meg å få fire barn og vere i fulltidsjobb, og i tillegg ha politiske verv på fritida. Eg er venstresida, arbeidarrørsla og kvinnerørsla evig takksam.

Eit reellt likestilt land gir like muligheiter for dyktige kvinner og menn til å nå toppen, der ingen av dei må kompensere i form av barnløyse eller helse. Det er ikkje ein likestillingsstrategi å basere seg på au-pair for å komme tidsklemma til unnsetning og få fleire økonomisk sjølvstendige kvinner, kvinnelege leiarar og full likestilling i Noreg, sjølv om det kunne vere freistande og vi ser fleire og fleire gjere det.

Den norske modellen gir oss derimot løysinga. Få far heim, hold på pappapermisjonen, hold på normalarbeidsdagen og gjer den kortare heilt til 6- timar, slik at det å jobbe fulltid er noko som alle kvinner og menn kan klare. Jamn ut lønsforskjellane mellom kvinner og menn sine yrker, slik at det ikkje gjer så stor skilnad i familiens økonomi om det er mor eller far som jobbar overtid, får opprykk eller jobbar deltid. Med slike ordningar er det råd å håpe på at det vert lik så vanleg at pappa er heime med ungane, mens mamma har ein krevjande jobb, som at det er mamma som jobbar deltid for at pappa skal vere adm.dir. Ei au pair ordning flytter inga makt, det berre skyv problemet under teppet, og forsterkar klasseskilje. Fattige kvinner gjer husarbeidet og passer barna for middel- og overklassens kvinner slik at dei kan verte leiarar på menn sine premissar.

Vi veit at norske arbeidstakarar er mellom dei mest produktive i verda, sjølv om ein skulle tru dei gode arbeidstids- og velferdsordningar førte til det motsette. Vi veit at norske toppleiarar jobbar mindre enn andre toppleiarar i verda, men likevel går det godt med norske bedrifter. Det er unikt at vi har klart å gjere det norske arbeidslivet tilgjengeleg for kvinner,  det bør vi også klare å gjere med leiarjobbane. Vi må berre ta kampen for å komme dit. Kampen for like muligheiter for kvinner og menn i arbeidslivet, ikkje via sosial dumping.

For så lenge kvinner flest tar ansvar for  hus, heim og familie, og dei færraste har ein mann på deltid, så vil ikkje kvinner nå toppjobben. Tida strekk rett og slett ikkje til for å vere på alle dei arenaene som er naudsynt for å nå opp. Eg er inga toppleiar, og ferie må jo alle ha, og i triangelet arbeid/politikk-familie-helse, så må noko vike. Denne gang kom artikkelen tre veker på etterskot.

Innlegget sto på trykk i Dagsavisen 7. august 2015

Når personlig egnethet egentlig handler om kjønn!

Så er vi her igjen. Nok en gang er temaet kvinner i ledelse, eller rettere sagt mangel på kvinner i ledelse. Det pleier å dukke opp, sånn med jevne mellomrom. Argumentasjonen er den samme. Kvinner ikke har den rette utdannelsen, den rette erfaringen, ikke den rette viljen, ja til og med at vi ikke har baller. De tre første argumentene er blitt avvist, gang på gang. Det siste er det litt verre med, om det skal tolkes bokstavelig.

Denne gang startet det med at Statoil ansatte ny direktør. Tidligere i år har både Yara og Telenor skiftet ledere. Jobbene gikk til tre menn, til tross for at Næringsminister Monica Mæland hadde gitt tydelig beskjed om at det nå var ønskelig med en kvinne i en av disse stillingene.

Reaksjonene lot ikke vente på seg. En av dem var Elisabeth Grieg, administrerende direktør i Grieg Internasjonal, som selv har erfaring fra tunge styreverv i blant annet Nordea, Statoil og Hydro. En twitter-melding, og senere et intervju i Dagens Næringsliv: Grieg sier til DN at selv om valgkomiteene sier de rette tingene, så velger de likevel veldig tradisjonelt. Det er bekymringsfullt. Etter 10-år med kvinnelig dominans i høyere utdanning, med kjønnskvotering i ASA-styrene og stadig flere kvinner med relevant erfaring, burde det ikke mangle på kvinnelige kandidater med relevant erfaring.
Svaret fra Svein Aaser, styreleder i Statoil, og ansvarlig for ansettelsen av ny direktør: «Jeg kjenner Elisabet Grieg. Hun er en kvinne med meningers mot, og det må hun få lov til», sier vell det meste om de nedlatende holdningene enkelte menn har til kvinner som ytrer seg. Problemet blir ekstra synlig når det er disse mennene som sitter som ledere i de styrene som skal ansette de nye lederne.

Marie Simonsen, i Dagbladet, kom med en sterk og presis beskrivelse av hvordan man, i mange år har funnet på den ene unnskyldningen etter den andre, for å unngå å ansette en kvinnelig leder, og nå er det vel ikke fler igjen.
En av de vanligste innvendingene er at kvinnene selv ikke ønsker slike stillinger.
Selvsagt er det mange som ikke ønsker det, men det gjelder både kvinner og menn. Det er nok få mennesker i Norge som ønsker å ofre det som skal til for å ha denne type stillinger, og med å utelukke kvinner, reduseres denne gruppen enda mer.
Noen ymter frampå at vi mangler «baller», men det gjør i tilfelle også de fleste menn, siden det er et begrenset antall mennesker som blir toppledere.

Selv jobber jeg i helsevesenet, nærmere bestemt i et av helseforetakene. Alle som har vært innom et sykehus vet at størsteparten av de ansatte her er kvinner, i Helse-Bergen, hvor jeg har tilgang på tall, er ca. 70 % av de ansatte kvinner. Jeg har ingen indikasjoner på at det er annerledes andre steder.
Det vil kanskje derfor overraske noen å høre at situasjonen på langt nær er annerledes her enn i resten av samfunnet.
Vi har fire regionale helseforetak, som alle har mannlig styreleder.
Av landets 21 helseforetak er det 6 kvinnelige styreledere, mens det kun er 2 kvinner som er administrerende direktører.

Premissene vi ansetter ledere etter
Det viser seg at ingen av de 10 største statseide selskapene har kvinnelige toppsjefer. Men siden det tross alt er kvotering sitter det flere kvinner i konsernledelsen. Disse har da ofte ansvar for stab og støttefunksjoner som HR, IT og kommunikasjon.
Dette til tross for at vi er blitt mange flere med rett utdanning, vi har erfaring fra mellomlederstillinger, vi har erfaring fra styrerommene, vi leder store organisasjoner i arbeidslivet, både på arbeidstaker og arbeidsgiversiden – som om ikke det trengs «baller» til det!
Problemet ligger ikke i mangel på kunnskap, eller mangel på erfaring, eller motivasjon, men i premissene vi ansetter ledere etter. Og før vi klarer å anerkjenne dette så vil det alltid være en middelaldrende hvit mann som er den mest kvalifiserte.
Professor Karin Thorburn ved Norges Handelshøyskole (NHH) har vært en av redaktørene for en utredning om yrke, karriere og lønn, sier at evalueringen er tydelig. Når en kvinne mangler bransjeerfaring, så er det en feil. Når en mann mangler det, er konklusjonen at «det kan en lære seg».
Videre sier hun at om en kvinnelig søker mangler en bestemt kvalifikasjon vil dette bli sett på som en mangel, om en mannlig søker mangler det samme blir det sett på som utviklingspotensialet.
Hodejeger Per-André Marum sier i et intervju i DN at kritikken rundt det at Telenor for at de ikke valgte en kvinnelig leder, ødelegger for en faglig diskusjon.
Argumentet for det er at det ikke er en kvalitet i seg selv å være kvinne.
Han kunne like gjerne påstått at der er en kvalitet i seg selv å være en mann.
Jeg skal her avstå fra og kommenter noen av påstandene.

I mars gjennomførte Markedshøyskolen, i samarbeid med Agenda en undersøkelse som viste at karrieremennesker blir dømt forskjellig alt etter kjønn. Studentene fikk i oppgave å vurdere to identiske lederhistorier og CVer, eneste forskjellen var at den ene personen het Hanne og den andre Hans.
Studentene likte Hanne dårligere enn Hans og syntes at Hanne var en dårligere leder enn Hans, til tross for at den eneste forskjellen var navnene.
Det finnes også studier som viser at kvinner som ler mer enn fire ganger i et intervju ansees som useriøse, mens en mann som ler like mye ansees som morsom og sjarmerende.

Man kan kalle det hva man vil, glasstak eller diskriminering. Likebehandling og likestilling er det i alle fall ikke. Kvinner vurderes etter andre kriterier enn menn, og når alt kommer til alt så er det personlige egenskaper det som veier tyngst i en ansettelse. Til nå er det menn som har fått definert hva disse personlige egenskapene er. Før vi erkjenner at det er slik, får vi aldri gjort noe med det.
Vi må ta en åpen debatt om hva disse egenskapene er, og hvorfor de er viktige, slik at de kvinnene som ønsker det kan lære seg disse. Og frem til vi har endret denne kulturen må det hardere lut til. Det er bare kvotering som ser ut til å fungere. Og vi kan starte som regjeringen, utvide kvoteringsordningen til også å gjelde roller, ikke bare antall i styrer.

For det å skaffe seg baller er utelukket!

 

 

Innlegget ble publisert i BT 12. juni 2015

 

Eit verdival

«Uklok sekstimarsdag», skriv leiar i Bergen Høgre Kenneth Stien. Det er inga nytt at Høgre er mot forkorting av normalarbeidsdagen, det var dei da vi innførte åttetimars arbeidsdag i 1919 også.

«Med sekstimersdagen oppnår vi det stikk motsette av det vi ønskjer, som er å trygge den norske velferda.», skriv Stien. I Noreg har vi tariffesta 7,5 timars normalarbeidsdag og fem ferieveker, verdas lengste foreldrepermisjonar, rett til ammefri, barnehagetilvenning og vere heime med sjuke barn, og rett til å jobbe redusert eller ta ulønna permisjon på grunn av omsorg for barn. Dette er tiltak som kvar for seg bidrar til at arbeidstakarane jobbar mindre, og legg vi Høgre sin logikk til grunn så skulle alle desse tiltaka vere med på å undergrave den norske velferda. Men Noreg er eitt av verdas mest produktive land, og det er ikkje berre grunna i oljerikdomen. Det er fordi Noreg har hatt ein målretta politikk for å inkludere fleire i arbeid, og spesielt kvinner. Utan kvinners arbeidsinnsats stansar Noreg. Norske kvinner er mellom dei som får flest barn og jobbar mest. Det er unikt i internasjonal samanheng, ein fridomsreform for kvinner, og ein føresetnad for velferda vår.

Ein redusert normalarbeidsdag kor fleire kan jobbe full tid vil vere eit framskritt for den norske velferda. I 1919 var kampen for redusert arbeidstid eit kollektivt frigjeringsprosjekt som skulle komme heile samfunnet til gode. Det bør også kampen for ein sekstimarsdag vere i 2015. Framskrivingar for Noreg legg opp til ein tredobling av forbruket innan få tiår. Det er uansvarleg med dagens miljøutfordringar. Velstandsaukinga kan, viss vi vil, verte tatt ut i auka fritid, i staden for auka forbruk. Det er verdivalet vi står ovanfor, og det går ikkje på bekostning av framtidig velferd.

Marthe Hammer er kvinnepolitisk leiar i SV, samfunnsøkonom, kandidat til fylkestinget i Hordaland og mamma til fire.

Innlegget sto på trykk i BT 15.mai 2015

Kvinneløn

Ein time arbeid er ein time arbeid, same om ein er ei kvinne eller mann. Kvifor skal gjennomsnittleg timelønn for ei kvinne i Noreg då vere 85 prosent mindre enn ein mann?

Jon Hustad skildrar kvinneløna i Noreg i Dag og tid fredag 8. mai. Det gjer han særs omtrentlig. Og som han skriv sjølv, det trengst ei kvalifisering eller to til for å teikne det rette biletet. Allereie i opningsavsnittet blir det upresist: «Kvinner har i gjennomsnitt 85 prosent av menns løn.» Men hadde han tatt seg tid til å sjekke, så hadde han visst at «kvinner har i gjennomsnitt 85 prosent av menns timeløn». Når det kjem til bruttoinntekt, så fikk kvinner 67 prosent av det menn fikk i 2013, på grunn av at kvinner jobbar deltid.

Ein ofte brukt forklaringsmodell for lønnsforskjellane er at kvinner jobbar i offentleg sektor og at menn i privat. Det er eit argument med modifikasjonar. Var det sant, så ville ein sjå at viss berre alle sjukepleiarar begynte i det private, så ville dei med ein gong fått høgare lønn, og likelønnsgapet ville verte tetta igjen. Men slik er det ikkje i verkelegheita. Då Norlandia sjukeheim i Oslo vart privatisert, så begynte sjukepleiarane og helsearbeidarane i privat sektor. Tarifflønna vart kutta, og i tillegg vart dei fråtatt pensjon. Eksemplet er ikkje unikt og viser at så lenge kvinnene gjer det som tradisjonelt har og er kvinnedominert arbeid, så vert dei dårlegare betalt. Kvinnene vert ramma av verdsettingsdiskriminering, for å bruke likelønskommisjonens eige ord.

Hustad viser tilbake til 1970-talet og nemner kvinners utdanningsnivå. Då var nemlig forklaringa på kvinners låge inntekt og timeløn at kvinner ikkje har tatt utdanning. Men likelønskommisjonen viser at det er ikkje utdanningsnivået det står på, det er kva for utdanning dei tar. Når kvinner tar utdanning som den norske velferdsstaten treng for å sikre kompetanse inn til framtidas utdannings- og helsesektor, verdsett ikkje samfunnet i dag dette i form av like gode lønningar som meir tradisjonelle mannlege utdanningsgrupper har.

Hustad peiker på pensjonsutbetalingane mellom kvinner og menn, men også det blir eit skeivt bilete av sanninga. Fortsatt er det slik at 88 prosent av minstepensjonistane i dette landet er kvinner, og denne delen har vore den same det siste tiåret. Pensjonsreformen av 2005, som gir ein meir direkte samanheng mellom inntekt og pensjon, vil slå dårligare ut for kvinner. Også samla utbetaling av pensjon favoriserer menn. I 2011 fekk pensjonerte kvinner utbetalt 25 prosent mindre pensjon enn menn.

Ein kan lese Hustad som at ting berre må fortsette å vere som i dag. Ein av hovudgrunnane han trekk fram for å argumentere for det, er at kvinner lever fire år lengre enn menn. I staden for å bruke det at kvinner lever lengre enn menn som eit argument for lågare lønn, så burde ein i staden jobbe for at menn lever lengre. Og da kan desse kvinnene i dei viktige helse og velferdstenestane, viss dei får gode lønns- og arbeidsvilkår slik at dei kan stå i jobben sin, faktisk vere med å utgjøre ein forskjell.

Innlegget sto på trykk i Dag og Tid fredag 14. mai 2015

(Bildet: SVs Kvinnekonferanse 2014: Gry Mørkrid, daværende hovudtillitsvald Fagforbundet ved Oppsalhjemmet, Norlandia)

Sporskifte er helt nødvendig

LOs sommerpatrulje kunne i BA 1. september fortelle om urovekkende forhold ved ulike bedrifter i Hordaland. Blant annet har unge jenter fått beskjed om å kneppe opp blusen sin for å øke salget, men det er gutta som får være med på firmaturer og kose seg med salgsoverskuddet.

Jeg, Anna Kathrine Eltvik og Marianne Sæhle hadde innlegg på trykk i BA fredag 5.september 2015.

Les innlegget på Anna Kathrine sin blogg: