Archive for desember 2017

Kven skal styre Bybanen?

Fylkestinget skal i dag handsame om operatørrolla, i all hovudsak sjåførane, av Bybanen framleis skal vere konkurranseutsett til utanlandske Keolis, eller bli ein del av eit heileigd offentleg selskap. Bybanen er i dag delt mellom tre selskap. Offentlege Bybanen AS vedlikehalde infrastruktur (skinnegang, likestrømforsyning, signalanlegg). Stadler vedlikehalde vognene. Keolis (operatøren) har arbeidsgivar- og opplæringsansvar for sjåførane, og skal ha totalansvaret for styring av all aktivitet knytt til tryggleik (inkludert infrastruktur og vogner).

Det viktigaste argumentet for å ta dette inn i eit heileig offentleg selskap er tryggleik. Vi veit at tryggleik omsyn og økonomiske omsyn trekker i kvar sin retning. Skyldas ein kollisjon at bremsane var for dårlege (feil hjå Stadler), at skinnegangen var for glatt (feil hjå Bybanen AS) eller at føraren hadde for dårleg opplæring (feil hos Keolis)? Svaret vil ha økonomiske følgjer for selskapet. Det er lønnsamt for den enkelte aktør at ein annan aktør får ansvaret. Interessekonfliktane kan lamme tryggleiksarbeidet.

Alle dei tre selskapa som i dag driv Bybanen er aksjeselskapa, men to av dei er multinasjonale konsern med utanlandske eigarar. Som normalt for alle private verksemd, er dei i bransjen for å tene pengar, og dei kan gå konkurs. Treng eg å nemne RenoNorden..? Kva er det verste ved ein slik situasjon, tryggleiken eller den økonomiske rekninga? Det som er heilt klart er at det offentlege sitter igjen med ansvaret uansett. Dette er knapt problematisert.

Mange er uroa for fylkeskommunen sin økonomiske situasjon. Men det er ikkje det å ta operatøren inn i eit heileig offentlig AS, som er det som vil velte fylkeskommunen sin økonomi. I Thommesen-rapporten slås det fast at viss Fylkeskommunen overtar bybanekjøringa i eigen regi, vil både Arbeidsmiljølova og Jernbanelovas reglar om verksemdoverdraging gjelde. Konkret betyr dette at sjåførane vil ha krav på at tariffavtalane og pensjonsforholda dei i dag har i Keolis, skal føres vidare. Fylkeskommunen pådrar seg ikkje nokon forpliktingar utover dette. Det er ingen som har foreslått noe anna enn at bybanekjøring i eigenregi vert organisert som eit AS, og konsernmodell vart vedtatt allereie i sommar. Det er derfor vanskeleg å forstå kvifor påstandar om mangemillionbeløp til framtidige ytelsespensjonar, har fått ein så sentral plass i debatten om eigenregi.

Dessutan vil ein også kunne drifte meir effektivt ved at økonomiske konflikt knytt til ansvarsfordeling, tryggleik og transaksjonskostnadar vert redusert. Ein kan også ta ut meir stordriftsfordelar gjennom at dotterselskap og morselskap kan ha felles ingeniør-, jurist og økonomiavdeling.

Det å få dei tilsette over frå ei usikker tilvære i ulike multinasjonale konsern som kvart åttande år vert lyst ut på anbod, til å bli ein del av eit integrert offentleg kollektivkonsern vil ha veldig mykje å seie for tilsette. Sjåførane skal ha ein føreseieleg og trygg arbeidsplass som sikrar dei medråderett iht. lov- og avtaleverk. I dagens modell er ikkje dette godt nok. Arbeidsgivaren til bybanesjåførane har i dag ein avgrensa styring over sjåførane sin arbeidsdag, fordi dette er det fylkeskommunen gjennom Skyss og Bybanen AS som bestemmer.

Så vil mange tenke at den private drifta av Bybanen har jo vore ein suksess, auka passasjertal og stabil drift. Men denne suksessen må delast mellom det heileigde offentlege selskapet Bybanen AS, det fylkeskommunale Skyss, Keolis og Stadler. Alle har dei medverka til framgangen. Nokon av oss trur likevel at vi kunne gjort det like godt, om ikkje betre, innafor ein integrert offentleg modell. Kvifor? Fordi det har Oslo klart. Sporveien AS drifter alt frå T-bane til trikk, samt eig og vedlikehalde infrastruktur. Det offentlege kollektivselskapet Sporveien AS er eit av dei mest effektive kollektivselskapa i verda.

Marthe Hammer, nestleiar utval miljø og samferdsle

Innlegget vart publisert på BA sin nettside 12.12.17

Stopp angrepa på norsk digital læringsarena

To rapportar frå Deloitte AS konkluderer med at Norsk Digital Læringsarena (NDLA) har brote arbeidsmiljøloven, forvaltningsloven og lov om offentlige anskaffelser. Vedtaket som vart fatta av fylkestinget den 3. oktober syner med tydelegheit at alle avvik i organisasjonen er lukka eller i ferd med å bli lukka. Det er difor med undring ein kan lese kva som skjer vidare. I sak etter sak i NRK vert det framsett direkte usanne påstandar om misleg framferd, varsling og uønskte hendingar. Til slutt vel dagleg leiar å fråtre stillinga si ? for kva. Kva har skjedd?

I SV har vi alle vorte skulerte gjennom Berit Ås og hennar politiske mantra, «follow the money». Er det nokon som har noko å tene på usikkerheit knytt til NDLA?

NDLA har sidan starten hatt mektige motstandarar i media og forlags-Noreg. Dei tre store forlaga i Oslo har ei vesentleg del av si botnline og enorme inntekter nettopp frå læremidlar til kommunar og fylkeskommunar. Norske skular og elevar vert etter SV si meining grovt utnytta. Læremidlar i enkelte fag kan kome opp i over 1500 kroner per fag, og profittjaget gjer det og tilnærma umogleg å få læremidlar i fag med få elevar ? det er ikkje lønsamt.

Som eit motstykke til dette er NDLA med sine gode, rimelege og opne løysingar. I 2016 leverte NDLA pensum til 92 eksamensfag til ein kostnad av kroner 436 per elev i eigarfylka. Elevar i den vidaregåande skulen i Oslo hadde i 2015 og 2016 til saman 3.291.018 besøk hjå NDLA (mobil ikkje medrekna). Talet frå det andre store «NDLA fylket», Hordaland, var til samanlikning 2.043.167 besøk.

At det offentlege satsar på eigenproduserte læremidlar, som er opne for alle er demokratisk og god bruk av offentlege midlar. Motstykket er ei profittmaksimert lærebok frå Aschehoug eller Gyldendal, der læraren som har skrive boka maksimalt sit att med 15 prosent av inntekta frå salet. Om ein legg til produksjonskostnader og tek bort profitt til forlaga ville ei lærebok som i dag kostar 500 kroner kome på under hundrelappen. Forlaga er i dette eksempelet ikkje anna enn eit fordyrande mellomledd det offentlege sjølv kan erstatte.

Hausten 2016 lanserte KS det sokalla NDLA-G for grunnskulen. Grunnskulen er himmelropande mindre komplisert og har enormt færre fagprogram. Når ein får på plass ei offentleg finansiert løysing for digitale læremidlar i fagprogramma for grunnskulen kjem norske kommunar til å spara millionar ? årleg. Millionar som vert tekne direkte frå botnlinja til forlaga. Millionar som kan nyttast til dømes på fleire lærarar fleire ekskursjonar og mindre til privat profitt. Kvifor er NRK og politikarar, spesielt frå Ap i hovudstaden, opptekne av å snakke ned gode offentlege løysingar og opp gamle forlagskapitalistar?

Kvifor er det viktigare å sette fokus på 20 prosent til NDLA? Pengar dokumentert brukt godt og ikkje på dei 80 prosent som betaler hagefesten til Aschehoug- eigar William Nygaard?

SV kjem til å stø ei vidareutvikling av NDLA og NDLA-G Lokalt, regionalt og nasjonalt. Utviklinga i NDLA er eit frampeik på ein anna måte å forvalte læring på. Forlaga er som plateselskapa på 90-talet. Dei hindrar innovasjon, mangfald og konkurranse. Dei hindrar det offentlege å gje sine innbyggjarar dei beste tenestene. Det er det dette handlar om. Mine og dine skattekroner ? til mine og dine born.

 

Innlegget vart publisert i Klassekampen 5. desember 2017 og er skrevet av gruppeleiar i SV, Aud Karin Oen.