Trur BT det er ei utømmeleg kjelde i Oslo?

Det er rett, det er klokt og det er framtidsretta å prioritera liv og helse først.

BT skriv i leiaren 26. april at det er ubegripeleg at fungerande fylkesordførar Pål Kårbø vil nedprioritera Hordfast for å få ny bane og veg mellom Bergen og Voss raskare. Kan de for alvor meine at fylkesordføraren ikkje skulle prioritere å få fleire prosjekt inn i første del av NTP-en? Om ikkje politikarane prioriterer, kva har ein då politikararar til?

Det livsviktige og framtidsretta prosjektet E16, K5-alternativet med bane og veg til Voss, vert skyve ut i tid. Slik regjeringa no prioriterer, vil det gå ytterlegare 17 år før ny veg/bane kjem. Så det er all grunn til panikk. Ikkje for å prioritere ned Hordfast, men for alle som kjører denne strekninga med livet som innsats grunna stadige steinsprang, ras og møteulykker.

Dei siste 17 åra har det skjedd 584 personskadeulykker, 30 dødsulykker og 338 skred på denne strekninga. Det er på tide å gje regjeringa beskjed kva som er viktigast for oss her vest.

Om ikkje fylkesordføraren reiste til Oslo og sa tydeleg frå kva som er viktigast, gjorde han ikkje jobben sin. Han har dessutan sju av ti bergenserar i ryggen som òg synest at ny veg og bane mellom Bergen og Voss er viktigast. Berre 9,4 prosent prioriterer monsterbrua mellom Os og Stord. Eit gigantprosjekt som førebels er kalkulert til 43 milliardar? Ein kan få rassikra nesten heile Noreg for den summen. Tenk på det! Det kostar ca 47 milliardar å rassikre heile Noreg, og dei tre vestlandsfylka treng 22 milliardar av dei.

Det er mange strekningar mellom ferjeleia på E39 som treng oppjustering til veg med gul stripe og livsfarlege tunellar som treng gjerast sikre. Denne bodskapen har òg fylkesordføraren med seg til Oslo.

Det er rett, det er klokt og det er framtidsretta å prioritera liv og helse først. Ingen skal få meg til å meina noko anna nokosinne.

 

Innlegget er skrevet av Aud Karin Oen, gruppeleder for SV i fylket og publisert på BT 28. april 2017

 

Legg igjen en kommentar