SV og MDG sine forslag til E39

Høyring til statlig kommunedelplan for E39 var oppe til behandling i Utvalg for miljø og samferdsle 08.02.17

BA skriver om saken og viser til den gledelige nyheten at det er bevegelse i Ap, Krf og Sp i denne saken.

SV og MDG hadde fellesforslag i møtet, som under:

  1. Fylkesutvalet meiner statleg kommunedelplan for E39 ikkje gir eit godt grunnlag for vidare planlegging av E39 på strekninga Stord-Os.
  2. Planen er i strid med vedtekne regionale og nasjonale klimamål i Klimaplan for Hordaland,  samt nasjonale målsettingar i Klimaforliket og Paris avtalen.
  3. Planen har ikkje tilfredsstillande løysingar på følgjande problemstillingar:
    1. Plandokumentet viser at prosjektet ikkje er lønsam. Det går fram at prosjektet Stord-Os er rekna å ha ein netto nytte tilnærma lik 0. Dette til tross for at ein har lagt til grunn ein særs kraftig trafikkauke ved nytt samband (ca. femdobling).
    2. Kommunedelplanen for E39 Stord – Os fører til uakseptabel øydelegging av verdifull natur i Sunnhordland, over Bjørnafjorden og i Stord, Tysnes og Os.
    3. 40 viktige naturtypar av nasjonal og internasjonal verdi, som vi har eit særleg forvaltningsansvar for verta råka, deriblant fleire regnskogområde på Tysnes. Prosjektet står førebels i sterk kontrast til den nasjonale måla om å redusera den negative utviklinga på trua artar og naturtypar jf. Meld. St. 14 (2015-2016).
  4. Fylkesutvalet etterlyser ein betre visualisering, herunder 3D-film, av dei omfattande landskapsinngrepa ein firefelts motorveg vil føra til i dei sårbare kystområda.
  5. Utbygging av E39 vil føre til meir trafikk inn mot Bergensområdet og gjere det vanskelegare å få gjennomført ambisjonane om nullvekst i biltrafikk i byområdet. Fylkesutvalet meiner dette aukar behovet for ei samordna areal- og transportpolitikk for Bergensområdet.
  6. Fylkesutvalet ber departementet om å stogga all planlegging av fjordkryssing av Bjørnafjorden i samband med E39 Hordfast
  7. Fylkesutvalet ber departementet / Statens vegvesen gjera ny utgreiing om alternativ E39 tofelts trafikksikker bruksvei via indre trasé med gode løysingar for gang-, sykkel- og kollektivtrafikk, samt eit alternativ for miljøvenlege ferjer.
  8. Fylkesutvalet meiner vidare planprosess bør gjennomførast som ein kommunal planprosess.
  9. Fylkesutvalet meiner at prosjektets skisserte kostnadar er uakseptable og vil stå i vegen for andre viktige prosjekt i fylket. Det er i tillegg knytt høg usikkerheit til storleik og risiko ved ein eventuell framtidig fylkeskommunal garanti til prosjektet. 

Det er flott med bevegelse fra Ap, Krf og Sp i E39 saken, dette viser at all motstand som har vært mobilisert i denne saken gir resultat. Vi håper at de kommer oss i møte med noen av de viktigste formuleringene i forslaget over.

For SV var det ikke aktuelt å gå for forslaget fra Ap, Krf og Sp i møtet slik det ble presentert i MISA, se protokoll.

Protokollmerknad:

«MDG og SV arbeider videre med saken frem til fylkesutvalget for å se om det lar seg gjøre å komme frem til et bedre helhetlig høringssvar»Marthe-Hammer_large
Saka har vore til behandling i kommunestyret i Os og Stord. Her er det som vart fremma der:

Legg igjen en kommentar