Archive for juli 2015

Køpris med sjølvmordsparagraf

Bystyret i Bergen og Hordaland fylkesting har vedteke å innføre køprising eller tidsdifferensierte bompengar. Dette inneber at det vert dyrare å køyre i rushtida, samanlikna med andre tid på døgnet.

SV har vore ein aktiv forkjempar for å innføre køprisordning, med mål om å redusere biltrafikken med 25 %, og få fleire til å velje andre transportalternativ. Det er bra for klimaet og for den lokale luftkvaliteten. Men det er vesentlig at køprising vert innført gjennom ein modell som sikrar at folk har eit reelt alternativ til bil. Dessverre legg ikkje fleirtalet i fylketinget (H, Frp, V, Ap, Krf) opp til det.

Fleirtalet er berre opptatt av å straffe dei som MÅ køyre i rushet, men ikkje villig til å sørge for at dei har eit reelt alternativ. Det er usosialt. SV meiner at viss ein køprismodell skal ha effekt og bli oppfatta som rettferdig, bør det vere eit reelt alternativ til bil i rushet. Og for å sikre dette må innføringa av køprising sikre ekstra inntekter til å auke kollektivtilbodet. Den auka rushtidsavgifta må verte nytta til å sørge for eit godt kollektivtilbod, nettopp til dei som ikkje har råd til auka pris i rushet, men som likevel må ut i trafikken i denne tida. SV har gjennom heile denne handsaminga fremma forslag om ein modell der ein nytter ekstrainntektene frå rushtidsavgifta til kollektivtiltak, mao. drift av og tiltak for framkomst for kollektivtransport.

I Bergen er kollektivtilbodet i store deler av byen og regionen så svakt at kollektivsystemet må verte kraftig justert opp i førekant av auka pris for bruk av veg. Innføring av tidsdifferensierte bomsatsar gjer det naudsynt med eit kraftig forbetra kollektivtilbod som skal gje eit godt alternativ til dei som vel vekk bilen. SV meiner at tre tiltak må vere klare eit halvt år føre prisdifferensiering vert innført. Det er auka kapasitet for buss og bane, kollektivfelt på alle 4-felts innfartsårene for å gje bussen køfri konkurransefortrinn, og godkjenning i Stortinget for å bruke inntekter frå bomringen til drift av kollektivtilbodet.

Dette er noko av den same modellen som vart nytta av Stocholm for vel 10 år sidan. Dei valde å ruste opp kollektivtilbudet og parkering med skyss med 3,8 mld. svenske kroner før køprising vart innført. Gulrot før pisk. Stockholmsmodellen vart ein suksess ved at den både reduserte biltraffikken og samtidig fekk ein mykje betre fordelingseffekt gjennom at fleire gjekk over til eit godt kollektivalternativ.

Fleirtalet i bystyret og fylkestinget har derimot vedtatt ein køpris med sjølvmordsparagraf. Fleirtalets modell er såkalla «proveny»nøytral. Det betyr at den ikkje legg opp til auka inntekter, berre dyrare i rushet og billegare resten av døgnet. Og skulle det komme inn meir inntekter, gjennom at mange fortsatt køyrer i rushet, så må satsane settes ned. Noko som vil føre til at fleire køyrer i rushet. Det er ein sjølvmordsparagraf, viss målet er å redusere biltrafikken. Fleirtalet har satt av nokre puslete millionar til auka kollektivtilbod, men det er ikkje i nærleiken av å vere eit reelt alternativ for dei som ønskjer eit alternativ. Og når fylkestinget i tillegg har auka prisane på kollektivtilbodet, så er det klart at heile modellen er lite effektiv og usosial. Stockholsmodellen, derimot, viser at det er mogleg å innføre ein ordning med køprising som både ivaretar miljøhensyn og er meir sosialt rettferdig. Auka kollektivtilbod er naudsynt for å sikre at køprisinga når sitt mål – færre biler på vegen i rushtida, betre luftkvalitet og betre klima.

Innlegget sto på trykk i BT: http://www.bt.no/meninger/debatt/Kopris-med-sjolvmordsparagraf-3395855.html