Archive for mai 2015

Moralistisk om surrogati?

Kommersiell surrogati, når en kvinne bærer fram en annen kvinnes barn mot betaling, er utnyttelse av skjeve maktforhold og salg av kropp som ikke bør tillates i et sivilisert samfunn. I den globale kommersielle surrogatihandelen er de fleste surrogatiforeldre heteroseksuelle par med høy utdannelse. Surrogatmødrene på den andre siden er i de aller fleste tilfeller fattige kvinner, og for bare et lite fåtall av de fører betalingen til varig endring av deres økonomiske situasjon.

Bioteknologirådet vedtok sist uke en uttalelse om å opprettholde forbudet mot både kommersiell og altruistisk (uten betaling) surrogati i Norge. Det er bra, men Dagbladet mener dette er moralisme. Det å få barn er ingen menneskerett. Det å gå gjennom et svangerskap og fødsel er noe av det farligste friske norske kvinner i dag utsetter seg for. Selv uten at det er penger inkludert, så vil det føles som et press å bli spurt om å gjennomføre et svangerskap for en annen kvinne, kanskje spesielt for en som står deg nær. Jeg ønsker ikke at kvinner skal måtte forsvare at de sier nei til å bære fram en annen kvinnes barn. Dessuten er ikke skillet mellom kommersiell og altruistisk surrogati så tydelig som det kan se ut, kvinnen blir også i altruistisk surrogati kompensert, for eksempel gjennom tapt arbeidsinntekt.

Det å få barn er for de aller fleste det største som finnes, og sorgen over ikke å få et barn tilsvarende stor. Men vi kan likevel ikke lukke øynene for at surrogati handler om at vi gjør menneskekroppen og barn til en vare. Det er selve jobben som gjøres, som er problemet, det at man utsetter kvinner for livsvarig skade og livsfare ved at de bærer fram og føder et barn som ikke er deres. Jeg ønsker bioteknologirådets uttalelse velkommen, det er viktig at rike land som Norge bidrar til å redusere etterspørsel etter kommersiell surrogati, og at vi opprettholder forbudet mot altruistisk surrogati.

Forbud mot surrogati handler ikke om moralisme, det handler om hva et samfunn er villig til å spørre kvinner om å gjøre.

Innlegget sto på trykk i Dagbladet 27.mai 2015

Eit verdival

«Uklok sekstimarsdag», skriv leiar i Bergen Høgre Kenneth Stien. Det er inga nytt at Høgre er mot forkorting av normalarbeidsdagen, det var dei da vi innførte åttetimars arbeidsdag i 1919 også.

«Med sekstimersdagen oppnår vi det stikk motsette av det vi ønskjer, som er å trygge den norske velferda.», skriv Stien. I Noreg har vi tariffesta 7,5 timars normalarbeidsdag og fem ferieveker, verdas lengste foreldrepermisjonar, rett til ammefri, barnehagetilvenning og vere heime med sjuke barn, og rett til å jobbe redusert eller ta ulønna permisjon på grunn av omsorg for barn. Dette er tiltak som kvar for seg bidrar til at arbeidstakarane jobbar mindre, og legg vi Høgre sin logikk til grunn så skulle alle desse tiltaka vere med på å undergrave den norske velferda. Men Noreg er eitt av verdas mest produktive land, og det er ikkje berre grunna i oljerikdomen. Det er fordi Noreg har hatt ein målretta politikk for å inkludere fleire i arbeid, og spesielt kvinner. Utan kvinners arbeidsinnsats stansar Noreg. Norske kvinner er mellom dei som får flest barn og jobbar mest. Det er unikt i internasjonal samanheng, ein fridomsreform for kvinner, og ein føresetnad for velferda vår.

Ein redusert normalarbeidsdag kor fleire kan jobbe full tid vil vere eit framskritt for den norske velferda. I 1919 var kampen for redusert arbeidstid eit kollektivt frigjeringsprosjekt som skulle komme heile samfunnet til gode. Det bør også kampen for ein sekstimarsdag vere i 2015. Framskrivingar for Noreg legg opp til ein tredobling av forbruket innan få tiår. Det er uansvarleg med dagens miljøutfordringar. Velstandsaukinga kan, viss vi vil, verte tatt ut i auka fritid, i staden for auka forbruk. Det er verdivalet vi står ovanfor, og det går ikkje på bekostning av framtidig velferd.

Marthe Hammer er kvinnepolitisk leiar i SV, samfunnsøkonom, kandidat til fylkestinget i Hordaland og mamma til fire.

Innlegget sto på trykk i BT 15.mai 2015

Kvinneløn

Ein time arbeid er ein time arbeid, same om ein er ei kvinne eller mann. Kvifor skal gjennomsnittleg timelønn for ei kvinne i Noreg då vere 85 prosent mindre enn ein mann?

Jon Hustad skildrar kvinneløna i Noreg i Dag og tid fredag 8. mai. Det gjer han særs omtrentlig. Og som han skriv sjølv, det trengst ei kvalifisering eller to til for å teikne det rette biletet. Allereie i opningsavsnittet blir det upresist: «Kvinner har i gjennomsnitt 85 prosent av menns løn.» Men hadde han tatt seg tid til å sjekke, så hadde han visst at «kvinner har i gjennomsnitt 85 prosent av menns timeløn». Når det kjem til bruttoinntekt, så fikk kvinner 67 prosent av det menn fikk i 2013, på grunn av at kvinner jobbar deltid.

Ein ofte brukt forklaringsmodell for lønnsforskjellane er at kvinner jobbar i offentleg sektor og at menn i privat. Det er eit argument med modifikasjonar. Var det sant, så ville ein sjå at viss berre alle sjukepleiarar begynte i det private, så ville dei med ein gong fått høgare lønn, og likelønnsgapet ville verte tetta igjen. Men slik er det ikkje i verkelegheita. Då Norlandia sjukeheim i Oslo vart privatisert, så begynte sjukepleiarane og helsearbeidarane i privat sektor. Tarifflønna vart kutta, og i tillegg vart dei fråtatt pensjon. Eksemplet er ikkje unikt og viser at så lenge kvinnene gjer det som tradisjonelt har og er kvinnedominert arbeid, så vert dei dårlegare betalt. Kvinnene vert ramma av verdsettingsdiskriminering, for å bruke likelønskommisjonens eige ord.

Hustad viser tilbake til 1970-talet og nemner kvinners utdanningsnivå. Då var nemlig forklaringa på kvinners låge inntekt og timeløn at kvinner ikkje har tatt utdanning. Men likelønskommisjonen viser at det er ikkje utdanningsnivået det står på, det er kva for utdanning dei tar. Når kvinner tar utdanning som den norske velferdsstaten treng for å sikre kompetanse inn til framtidas utdannings- og helsesektor, verdsett ikkje samfunnet i dag dette i form av like gode lønningar som meir tradisjonelle mannlege utdanningsgrupper har.

Hustad peiker på pensjonsutbetalingane mellom kvinner og menn, men også det blir eit skeivt bilete av sanninga. Fortsatt er det slik at 88 prosent av minstepensjonistane i dette landet er kvinner, og denne delen har vore den same det siste tiåret. Pensjonsreformen av 2005, som gir ein meir direkte samanheng mellom inntekt og pensjon, vil slå dårligare ut for kvinner. Også samla utbetaling av pensjon favoriserer menn. I 2011 fekk pensjonerte kvinner utbetalt 25 prosent mindre pensjon enn menn.

Ein kan lese Hustad som at ting berre må fortsette å vere som i dag. Ein av hovudgrunnane han trekk fram for å argumentere for det, er at kvinner lever fire år lengre enn menn. I staden for å bruke det at kvinner lever lengre enn menn som eit argument for lågare lønn, så burde ein i staden jobbe for at menn lever lengre. Og da kan desse kvinnene i dei viktige helse og velferdstenestane, viss dei får gode lønns- og arbeidsvilkår slik at dei kan stå i jobben sin, faktisk vere med å utgjøre ein forskjell.

Innlegget sto på trykk i Dag og Tid fredag 14. mai 2015

(Bildet: SVs Kvinnekonferanse 2014: Gry Mørkrid, daværende hovudtillitsvald Fagforbundet ved Oppsalhjemmet, Norlandia)