Archive for mars 2014

UNESCO spøker ikke

Av Tina Åsgård (representant for SV i Bergen bystyre) og Tom Skauge (representant for SV i Hordaland fylkesting)

Vi trodde det var en tidlig aprilspøk da BT på hele førstesiden kunne fortelle at UNESCO advarer mot bybane over Bryggen. Heldigvis sa de kloke representantene fra UNESCO det samme som de fleste i Bergen mener: Vi må vurdere nøye alle alternativene for Bybanen.

Generaldirektør Bokova konkluderer sin uttalelse i BTs nettutgave: «Det er langt fra uvanlig at utviklingen av tjenester og infrastruktur legger press på bevaringen av verdensarv. Men hun er klar på at det er mulig å kombinere de to.
– Det kan bli gjort, og har blitt gjort mange steder. Jeg tror ikke at moderne utvikling i urbane områder nødvendigvis må bety ødeleggelse. I de beste eksemplene blir historiske områder inkludert i den moderne utviklingen. Dette er hele ambisjonen til Unesco.»

UNESCOS egen historie nettopp fra Bryggen og Bergen gjør det utenkelig at FN-organisasjonen på et saklig grunnlag skal ta initiativ til å fjerne Bryggen fra den viktige verdensarvlisten når Bybanen kommer. Dersom noe truer Bryggens plass på verdensarvlisten, er det ikke Bybanen, men trafikkslummen fra 10 000 biler i døgnet.

I alle spekulasjonene om at UNESCO kan komme til å stoppe dagalternativet for bybanen har det vært overraskende liten interesse for å undersøke hva som skjedde den gang fagmiljø som gir råd til UNESCO faktisk truet med å fjerne verdensarvstatusen for Bryggen i 1997-2000.

Bryggen var sammen med Urnes stavkirke det første kulturminnet i Norge som ble beskyttet av UNESCO. I ICOMOS sin rapport fra 1999-2000 (:10) var advarselen om å miste verdensarvstatusen formulert slik: «Riksantikvaren understreker alvoret i alvoret i situasjonen når sier i 1997: Bryggen bør trekkes fra verdensarvlisten dersom grunnlaget for statusen blir ytterligere svekket» (vår overs. s.10). Det var flere ulike grunner til at Bryggen var truet – ikke minst forfall av bygningsmassen. Men ett selvstendig og viktig argument var trafikk og rystelser fra trafikken. I konklusjonen het det: «Trafikkbegrensning: Vi støtter de initiativ av lokale myndigheter for å begrense trafikken ved vannkanten Studier bør gjøres på virkningen av vibrasjoner fra trafikken på rester av bygningene.» (sm.st s. 36).

Da UNESCO etter rapporten 1999-2000 valgte å akseptere at biltrafikken ble flyttet ut mot kaifronten som tiltak mot vibrasjoner er det rimelig å anta at verdensarvforvalteren og dens rådgivere i ICOMOS mente dette var en akseptabel løsning for trafikkproblemene. Det er derfor urimelig å anta at UNESCO idag skal mene at en bybanetrase som fjerner mesteparten av dagens skadelige biltrafikk skal utgjøre et problem. I lys av ICOMOS sine formuleringer i 1999-2000 må vi heller tenke på Bybanetrase langs Bryggen som en god løsning. Den gir Bergen en historisk mulighet til å fjerne biltrafikk og rystelser. Samtidig gir traseen langs Bryggen verdens beste utsikt for bergensere som velger Bybanen som fremkomstmiddel. Av hensyn til verdensarven bør Bybanen få fortrenge bilene og gi bergenserne lettere tilgang til vårt vakre historiske sentrum.

I fagrapportene er dagalternativet blitt styrket for hver rapport som er blitt presentert. Bybane i gaten gir et mer attraktivt og tjenlig kollektivtilbud, langt bedre bymiljø og det gir bra beskyttelse av kulturminner. Riksantikvaren er fortsatt negativ, men fagorganet ICOMOS som gir råd til UNESCO er mer bekymret for skadevirkningene av et tunellalternativ enn av Bybane i gaten. ICOMOS konkluderer med å direkte fraråde tunnelalternativene pga risikoen for kulturlagene og forstyrrelser av grunnvannet som kan påvirke hele Bryggen og Vågsbunnen. UNESCOS rådgivere anbefaler Bryggen-alternativet med batteridrift, og de understreker at da vil barrierevirkningen være mindre enn med dagens biltransport.

UNESCOs verdensarvliste er et av de mest vellykkede globale forvaltningssystemene i vår tid. UNESCO spøker ikke. De er en ytterst seriøs organisasjon som lar faglige argumenter telle, slik de også har gjort det i andre verdensarvbyer som har byttet ut bil med bane ved viktige historiske kulturminner.

Nei til utholing av det norske vassdragsvernet

Det vert i desse dagar initiert å auka konsesjonsgrensa for utbygging i verna vassdrag frå 1 MW til 5 MW – i von om blåblå velvilje. Ein slik auke av konsesjonsgrensa vil bety ei tragisk utholing av det norske vassdragsvernet.

Verneplanane for vassdrag er vorte til gjennom fleire tiår (1973, 1980, 1986 og 1993 med suppleringar i 2005 og 2009). Det er vektlagt å ta vare på eit representativt utval av norsk vassdragsnatur med spesielle verdiar i tilknyting forsking, friluftsliv, naturvern, vilt, fisk, kulturminner og reiseliv. Det har i verneplanarbeidet vore viktig å sikra heile nedbørfelt med dynamikken og variasjonen dei representerer. Til saman er det vedteke vern av i alt 391 vassdrag og vassdragsområde i Noreg.

Svært mykje av vatnet som renn i Noreg, er utbygd eller skal utbyggjast – i Hordaland er det no kun 13% av vatnet som renn fritt. Først var dei verna vassdraga sikra mot eitkvart kraftinngrep, men i 2005 vart det tillete med inngrep opp til 1 MW.

Men endå er ikkje utbyggjarane nøgde, for det finst nokon vassdrag som er verna. Det vert i ulike kommunar arbeidt med å fremja å auka konsesjonsgrensa for utbygging i verna vassdrag frå 1 MW til 5 MW. Det kan medføra store inngrep, og vil bety ei utvatning av det norske vassdragsvernet.

SV står fast ved verneplan I-IV for norske vassdrag.

Bygg lyntog i Noreg!

SV har vore ein pådrivar for lyntog i Noreg, og vi ser positivt på at Stortinget i statsbudsjettet for 2014 vedtok å følgja opp att utgreiing av lyntog Oslo – Göteborg. Men lyntog må no ikkje berre byggjast ut av landet, men vera eit viktig verkemiddel for å byggja landet. Ei høgfartsbane som kan knyta saman verdiskapingsaksen på Vestlandet og forvaltningsaksen på Østlandet vil ha særleg stor verdi. Ikkje minst om ho vert tilrettelagt i eit fleirbrukskonsept for både person- og godstrafikk, for langdistanse- og regionaltrafikk.

Vestlandsbana over Haukeli vil gje mange positive verknader, m.a.:

  • Gje raske og særs konkurransedyktige reisetider på 2 ½ time mellom Oslo og Bergen/Haugesund/Stavanger med 9 – 10 stopp undervegs og 1:35 time mellom Bergen og Stavanger med 6 stopp undervegs.
  • Kutte avstandsulemper, redusera reisetid, og gje større bu-, arbeids- og kompetanseområde.
  • Gjera Hordaland og Bergen til eit knutepunkt for baner i tre retningar: Oslo via Voss og Finse, Oslo via Hardanger og Haukeli, Stavanger via Haugesund.
  • Med høgaste punkt 649 moh, vil banen over Haukeli gje trygg og pålitelig togframføring også og vinteren. Låge stigningar (maks 1,25 %) vil samstundes kunna mest dobla lastekapasiteten per tog, tilsvarande ca. 70 gjennomsnittlig lasta trailarar.
  • Ein ny kvalitet, kapasitet og regularitet for godstrafikken. Frakttid 5 – 6 timar til Oslo, over natta til kontinentet.
  • Reduksjon av klimautslipp med 752.000 tonn CO2 per år.

Året før dei åpna lyntog Paris – Lyon, var talet på flyreisande der 940.000 per år og for Madrid – Sevilla 730.000. I 2012 hadde Oslo – Bergen 1,729 mill flyreisande, Oslo – Haugesund/ Stavanger 1,942 mill flyreisande og Bergen – Stavanger 734.000 flyreisande. Til saman 4,405 mill, medan Oslo – Göteborg hadde 73.000 flyreisande i 2012.

Det går 32 fly kvar dag i kvar retning mellom Bergen og Oslo, 40 mellom/Stavanger – til saman 72 fly mellom Østlandet og Vestlandet. I tillegg kjem mykje bil- og godstrafikk.

Det er ingen grunn til at lyntog Oslo – Bergen/Haugesund/Stavanger ikkje skal få minst same prioritering som lyntog Oslo – Göteborg. Vestlandsbana over Haukeli har eit stort marknadspotensial og vil gje store positive ringverknader for samfunns- og næringsliv. Lyntog er framtida. Lyntog er smart samferdsel. Lat oss koma vidare snarast!

Uforsvarleg grunnlag for ferjefri E39

Regjeringa har vedteke ferjefri kyststamveg mellom Stord og Bergen, med kryssing over Bjørnefjorden. Hordaland SV meiner utgreiinga har store manglar. Den har ikkje gitt eit CO2 rekneskap for gigantprosjekta, den har lagt for liten vekt på naturverdiar som ikkje er mogleg å talfesta. Utgreingana har stor sprik om dei samfunnsøkonomiske verknadane av ein ferjefri E39. Den har ingen studiar av verknaden det vil gje for bytrafikken i Bergen når trafikken frå sør får ei seksdobling.

Hordaland SV meiner likeeins at ferjealternativet med auka frekvens med miljøvennleg motorteknologi ikkje er greidd ut nok.

I det siste har det kome fram i media at Framstegspartiet og Statens Vegvensen ynskjer å dimensjonere vegen for 130km/t. Hordaland SV meiner ein ikkje kan tillate ei slik einsidig og massiv satsing på privatbilisme og dei klimagassutsleppa og by- og bygdemiljøproblema de vil medføre.

Ei samanhengande utbygging av motorvegar for opp mot 130 km/t vil radikalt forverre konkurransesituasjonen for kollektivtrafikken, især for snøggbåtane frå Sunnhordaland. Hordaland SV krev vidare at det ved alle nye vegutbyggingar vert utarbeidd eit fullverdig klimarekneskap, og at ein vel dei trasèane, lineføringa og dimensjoneringa som samla gjev minst klimagassutslepp og minst naturinngrep.

Dersom SV i framtida må ta eit val mellom alternativa for ferjefri E39 vil SV gå inn for at kyststamvegen går over Fusa. Grunngjevinga for dette er samferdselpolitisk, distriktspoitisk, miljøpolitisk og økonomisk.

Vegen gjennom Fusa er for Hordaland SV basert på veg med standard gul midtstripe. Vegløysinga over Fusa vil binde indre og ytre delen av fylket betre saman og kunne vere positiv for busetnad og utvikling av arbeidsplassar i midtre og indre delen av fylket.

Miljømessig vurderer Hordaland SV det slik at det vil ha mindre negative konsekvensar med ein veg over Fusa vil ha mindre negative konsekvenser enn ein veg over Reksteren med tilhøyrande kryssing over Bjørnefjorden. Dei økonomiske kostnadane er betydeleg meir usikre med vegløysinga over Bjørnefjorden, samanlikna med vegløysing gjennom Fusa. Vegløysinga gjennom Fusa vil også føre til mindre belasting av gjennomgangstrafikk, på eit allereie overbelasta vegnett i og rundt Bergen.

Samferdsel

Hordaland SV vil arbeide for betre ferjer i sambandet Ranavik-Skjærsholmane. Ferjer som går raskare, er meir miljøvenlege, har betre comfort og er utforma slik at dei er tilgjengelege for menneske med funksjonshemming. Vi vil også arbeide for best mogelege hurtigbåtar og ruter i sambandet Sunde-Leirvik. Hordaland SV vil, ut frå dei samferdselsplaner som er vedtekne, arbeide for bru til Tysnes med kryssing nærast Jektevik-Hodnanes. Vi ser det då som naturleg at framtidig ferje frå Kvinnherad går mellom Sunde og Hodnanes. Dette for å hindre unødig køyring over Halsnøy, og igjen ta i bruk den gode ferjestøa som Sunde har. Hordaland SV er tydelege på at Kvednaneset ikkje skal verta ferjestø i framtida. Dette pga Kvednaneset sine kvaliteter m.o.t. natur-, rekreasjon- og kulturlandskap og på bakgrunn av dei nemnde planer og tiltak.

Ein miljøvenleg og offentleg styrt energipolitikk

SVs sitt arbeidsprogram for 2013-2017 har som eit av sine tre hovudmål for miljøpolitikken, at Noreg skal verte det første i landet i verda som klare å stanse tapet av naturmangfald. Detter er eit både djervt og klokt mål. Naturen har både ein store eigenverdi og ein stor verdi i kraft av at den utgjer sjølve grunnlaget for livet. Å syta for å vidareføre naturarven krev samordna innsats mellom og på dei fleste samfunnsområde. FN-organet IPCC sine tilrådde kutt i utsleppa av klimagassar og måla i FN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), må vere dei førande for energipolitikken i Noreg. Vi må både redusere energiforbruket og klimagassutsleppa, og samstundes stanse tapet av naturmangfald. Den noverande energipolitikken gjør det motsette. Utsleppa aukar mens naturverdiane og naturmangfaldet vert redusert.

I den landbaserte energipolitikken er det naudsynt med enda raskare politiske grep. Etter innføringa av den nye Energilova i 1991, som SV røysta mot, har politikken på dette feltet vorte rulla attende til fordel for marknadsstyring. Politikarane har avgrensa sitt eige handlingsrom til ulike formar for sokalla «teknologinøytrale» marknadsbasert insentiv. Denne avgrensa politikken ber med seg to store problem. For det første verkar ulike verkemiddel direkte mot kvarandre (til dømes energieffektivisering og auka produksjon av energi), og for det andre har han førd till alvorlege utilsikta konsekvensar. Eit no stadig større og skrikande døme på ein slik utilsikta konsekvens er det kraftige presset dei grøne sertifikat har skapt mot det norske naturmangfaldet.

Etter innføringa av det felles nordiske grøne sertifikatmarkedet i 2011 kunne det skjedd ei utvikling av meir miljøvennleg og teknologi knyta til dette. Sertifikat-ordninga omfatte: vasskraft, vindkraft, solenergi, havenergi, geotermisk energi og bioenergi. Men det som i all hovudsak har skjedd er at gammal kjent energiteknikk med tidvis store negative miljøkonsekvensar, har vorte fremja. Dei anten meir kostbare eller umodne teknikkane har vorte lagt vekk. Det vi til dømes seie at jordvarme vert nedprioritert medan vass- og vindkraft vert prioritert opp. Det vart åtvare frå mellom anna, Direktoratet for naturforvaltning om at det burde vore gjort ei «miljøkonsekvensutgreiing» før ordninga vart innførd. Fleire av dei mange vass- og vindkraftprosjekta som no er omsøkt kan vere akseptable i høve til at dei tek tilstrekkeleg naturomsyn, men den samla belastninga av omsøkte prosjekt er no ei trussel mot norsk naturmangfald.

Utfasing av fossil energi må i hovudsak skje ved hjelp av energisparing/-effektivisering og betre utnytting av allereie utbygd fornybar energi framfor å leggje til rette for økt energiforbruk, slik dagens ordning legg opp til med dei miljø øydelegginga det føre med seg. Hordaland SV krev difor at kvite sertifikat eller tilsvarande ordningar som fremjer effektiv energiutnytting, vert innførd og erstatte dagens el-sertifikatordning.

Hordaland SV krev difor at som eit minste krav må el-sertifikatordninga kunne endras til det betre, slik at ny vasskraft vert teken ut av ordninga. I tillegg til dette treng vi eit nytt forvaltningsregime for all bygging av energianlegg som krev naturinngrep. Naturmangfaldloven må ha ein tydeleg overordna status og difor bør hovudansvaret verte flytta frå NVE og Olje- og energidepartementet til Miljødirektoratet og Miljøverndepartement. Naturomsyn og heilskapleg forvaltning må verte meir enn honnørord. De må vise seg tydeleg i staten si samla forvaltning. På lengre sikt må dette omfatte alle viktige ressursområde. På kort sikt må det vise seg i ein heilskapleg politisk styrt utvikling av ny fornybar energi.

Bergensbanen og E16

Presset for å bygge en ny rullebane på Flesland er stort. Det haster derfor med å ruste opp Bergensbanen til en standard som gir kjørehastighet til 4 timer mellom Oslo og Bergen.

To viktige prosjekt er nå under forberedelse. En konsekvensutredning for ny bane mellom Arna og Voss er i gang. Ringeriksbana kan komme inn i planene for InterCity rundt Oslo.

Togtraseen Arna-Voss skal også kombineres med en sikrere veg for E16. Dette er et historisk samarbeidsprosjekt.

Det er av stor betydning at planarbeidet for de to prosjektene blir prioritert og at prosjektene kommer raskt inn i NTP for neste planperiode. Det må være et mål for oppstart på begge prosjektene i 2018.

Ein region fri for kommersiell forsøpling

Eit knapt fleirtal av Venstre, Høgre og Framstegspartiet, har i Hordaland fylkesting laga ein omfattande plan for kommersiell forsøpling av Bergensregionen. Dei ønske å leggje svært store flater til rette for transnasjonale reklamegigantar som til dømes Clear Channel. I Bergen gjeld dette alle kollektivhaldeplassar inkludert Bybanen sine, terminalbygg, inn og utsida av alle bussar og innsida av Bybanen og hurtigbåtar samt ulike bymøblar.

Å opne regionen for Clear Channel og andre selskap av med same føremål, vil vere eit ja til meir kjøpe- og kroppspress. Fylkeskommunen har i dag få oppgåver, men mellom dei er vidaregåande skular og kulturminnevern. Det er difor noko særs paradoksalt over at det borgarlege fleirtalet i Fylkeskommunen, for det første har laga ein plan som vil gjere at ein stor andel av elevane i vidaregåande skulen skal verte påførd eit auka, ofte seksualisert, kjøpepress til og frå skulen kvar einaste skuledag. Og for det andre ein plan som vil plassere ei rad store roterande glassmontrar med plakatar frå transnasjonale selskap, mellom nokre av dei mest særprega bymiljøa i Noreg, der det i dag er et rikt lokalt kulturtilbod det reklameres for. Nokre døme på slike miljø er Bryggen i Bergen som er på UNESCO si verdsarvliste og Vågsbunnen som har eit gatenett og bymiljø frå mellomalderen.

Fylkeskommunen har no sendt planen over til alle kommunane i Hordaland og Statens vegvesen for tilslutnad. I 2005 hadde Bergen ein opplysande og engasjert debatt om byromsreklame som munna ut i at bystyrefleirtallet sa eit tydeleg nei til slik forsøpling av Bergen. Høgre og Framstegspartiet stod aleine på reklamen si side. Det einaste som er forandra frå 2005 er at vi har lært enda meir om kor grenselaust kyniske desse reklamegigantane er. Et godt døme på dette er Clear Channel sitt søksmål mot Bergen kommune sitt demokratiske vedtak. Heldigvis vart det avvist i det norske rettssystemet.

Trass i dette ser det ut til at Venstre i fylkestinget har skifta meining i saka. Kristeleg folkeparti i Bergen har ikkje skifta meining frå 2005, men i Bergen syner dei til ei enkelformulering i byrådserklæringa frå 2011. Vi vil først og fremst oppfordre alle tillitsvalde, medlemmer og sympatisørar av desse to partia om engasjere seg og gi ei klar melding til den lokale partileiinga i Bergen og andre kommunar. Om dei no ikkje vil høyre på gode argument og engasjerte medmenneske, så bør folk få vite at det var dei som opna opp for kommersiell forsøpling av Hordaland.

Om det skulle vere nokon tvil står SV på vårt standpunkt frå 2005 – nei til kommersiell forsøpling av Hordaland!

Fram for velferdskommunane!

Kommunen bør vere mellom dei viktigaste sosiale og demokratiske institusjonane i Noreg. God kortreist omsorg, opplæring og anna velferd, kombinert med eit ujålete reelt lokaldemokrati bør vere eit ideal for samfunnsutviklinga. SV har gjennom den raud-grøne-alliansen og regjeringsdeltakinga sikra ei langt betre økonomisk utvikling for kommunane, enn kva ein ville fått med eit borgarleg eller høgre-sosialdemokratisk styre. Men samstundes er det betydelege økonomiske utfordringar i kommunesektoren som SV no må gi gode og truverdige svar på.

Den blåblå regjeringa har lansert ein prosess for samanslåing av norske kommunar. SV må sjølvsagt halde fram med å markere seg tydeleg mot tvangsamanslåing av kommunar, men det er minst like viktig å kjempe for at kommunane vert sikra ein skikkelege økonomiske rammer og svar på dei økonomiske problema dei no møte. Vi må syte for at det vert vidareført ei ordning som fordeler inntekter mellom kommunar, og ikkje legge til rette for at vekstkommunar og kommuar med særskilde ressursar skal ha ein særskild fordel. Det er ingen grunn til store endringar i fordelinga av inntekter mellom kommuner. Det som verkeleg treng endring er de økonomiske totalrammene. Desse må bedre tilpassast behova for opplæring, omsorg og anna velferd mellom innbyggjarane i norske kommunar.

Den noverande modellene for inntekstfordeling bør likvel verte endra på eit punkt. Kommunar bør verte belønna for bruke mogelegheiten til å kreve inn kommunal eigedomsskatt. Lovverket for kommunal eigedomskatt bør også verte endra slik at det opnar for større grad av progressivitet. Dagens ordning opnar i nokon, men i for liten grad, for å differensiere mellom små/mellomstore og verkeleg store eigedommar. Skatt på eigedom er ein effektiv form for inntektsutjamning og bær generelt verte mer nytta.

Eit langvarig om omfattande ordskifte i SV har handla om kor høg andel av dei statlege overføringa fra staten til kommunanen som skal vere øyremerka. Vi vil nok aldri verte i stand til å konkludere i dette ordskiftet, for den dreie seg om å balansere omsynet til lokalt sjølvstyre og omsynet til sårbare grupper som slit med å vinne fram i dei lokale budsjettprosessane. Vi har eit klart inntrykk av at øyremerking i for stor grad vert nytta i dag, og fryktar at ei blåblå regjering med stramme budsjett og behov for å markere seg politisk, kan forverre denne situasjonen ytterligare.

Det aller viktigaste grepet for å fremje lokalt sjølvstyre er å sikre kommanen reelt økonomisk handlingsrom. Det er spesielt tre område som bør verte prioritert i arbeidet for gode velferdskommar i Norge. Den ene er den kraftige gjeldsauken mellom mange norske kommunar. Gjelda har ulike årsaker, men vekst i folketallet og fleire oppgåver er ein viktig årsak. SV må difor kjempe for auka bruk av rentekompensasjon og andre instrument som minke risikoen for at velferden i kommunane vert ramma av endringar i kapitalmarknadene.

Det andre viktige området er ulukka med pensjonsutgiftane. Det vart først gjort regelendringar av Bondevik-regjeringa som opna for å i større grad utsette betalinga, så vart det laga for optimistiske prognosar og no har Kommune-Noreg ei samla pensjonsgjeld på nær 30 milliardar. SV må jobbe for reglar som hindre slik gjeldsopphoping og syte for at staten tek ansvar for kommunane si pensjonsgjeld.

Det tredje og siste område er storleiken på rammeoverføringa. Her er det viktig at SV gjer eit systematisk arbeid fram mot SV sitt alternative statsbudsjett for 2015. Partiet må saman syte for overføringar til kommunane som er basert på kva som trengs for å skape betre velferdskommunar med ein større grad av reelt sjølvstyre.

Nei til uthuling av abortloven!

Årsmøtet i Hordaland SV 2014 sier et rungende nei til uthuling av abortloven. Vi står opp for retten til selvbestemt abort som kvinnebevegelsen møysommelig kjempet fram og Stortinget vedtok i 1978 med SVs og Aps stemmer. Høyre viser nok en gang at kvinnene ikke kan stole på partiet når det kommer til grunnleggende rettigheter, og sammen med FRP forhandler partiet bort likhet for loven for abortsøkende kvinner. Høyre har, under sin første kvinnelige statsminister, tatt kvinnefiendtlig politikk inn i regjeringskontorene. For kanskje første gang har en norsk helseminister valgt å svekke pasientrettighetene.

Høyre og FrPs forslag om å gi leger rett til å nekte å henvise til abort er et kraftig tilbakeslag for norske kvinners rettigheter. Årsmøtet i Hordaland SV oppfordrer alle kommuner til å vedta at henvisningsnekt ikke skal godtas i kommunen. Loven om selvbestemt abort må gjelde likt og for alle kvinner i Hordaland!

Vegen fram til lovfesting av selvbestemt abort er brolagt med smertefulle, skamfulle, tabubelagte, helseskadelige og livsfarlige opplevelser for tusenvis og atter tusenvis av kvinner i Norge. Aborttallene holder seg stabile uansett lovgivning, i Norge og i andre land – det er kvinnenes liv og helse det står om. Dess sterkere innskrenkninger i abortrettighetene, dess større kvinnedødelighet ved (illegale) aborter.

Den blåblå regjeringens forslag til lovtekst åpner for at det ikke bare er abort det skal kunne åpnes for å nekte: «Departementet kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om fastlegeordningen, herunder om kvalitets- og funksjonskrav, om adgangen til suspensjon av fastlegeordningen og om fastlegers mulighet til å reservere seg mot henvisning eller behandling når reservasjonen er begrunnet i alvorlige samvittighetskonflikter knyttet til liv og død.» I forslaget har Høyre laget en forskrift som sier at dette bare skal gjelde for henvisningsnekt til abort i denne omgang. Hvis det var meningen at kun abort skulle omfattes, ville det vært naturlig å åpne bare for det, i loven.

Hvis dette lovforslaget blir vedtatt, har Høyre skaffet seg fullmakt til stadig nye utvidelser av hva nektende leger skal få lov til å utsette pasientene for. Et Høyre som allerede har vist at de er villig til å svikte kvinners grunnleggende rettigheter for å få tilgang til makt er det ikke mulig å stole på. Det er all grunn til å tro at KrF, sammen med andre konservative krefter, vil fortsette å selge politisk støtte mot å få lov til å svekke kvinners rettigheter.

Regjeringen gir inntrykk av at den bare foreslår en liten åpning i regelverket, sannheten er at hele låvedøren nå settes på vidt gap. Årsmøtet i Hordaland SV mener den utviklingen vi nå ser er et sterkt tilbakeslag i kvinners rettigheter. Vi oppfordrer alle kommuner til å sikre retten til selvbestemt abort for kvinner ved ikke å ta i bruk reservasjonsrettordningen for leger.

Nei til uthuling av abortloven!