Archive for februar 2014

Hald fast på sexkjøpslova

 «Sexkjøpslova har vore effektiv, førebyggjande mot brotsverk og eit våpen mot menneskehandel.» Slik oppsummerer kriminalinspektør Simon Häggström ved Stockholmpolitiet si prostitusjonsgruppe, dei 13 åra som Sverige har hatt sexkjøpslova. Like før valet sist haust var eg så heldig å vere invitert til å sitte i panelet til Likestillings- og diskrimineringsombodets debatt om sexkjøpslova. Og Häggström starta debatten med erfaringar frå Sverige.

Häggstrøm kunne ikkje gå god for nokre av dei vanlege motargumenta som vi ofte møter i norsk debatt, og som BT også gjentar i sin leiar 18. januar, som at forbodet kan ha ført til eit meir «skjult og brutalt sexmarked». For det første kan ikkje prostitusjonen vere meir skjult enn at den prostituerte og den potensielle kunden må få kjennskap til kvarandre. Viss dei får tak i kvarandre, får også politiet enkelt kjennskap til verksemda. For det andre er det å vere prostituert noko av det farlegaste ei kvinne uansett utset seg for, og det uansett om denne marknaden er liberalisert eller forboden. Prostituerte blir i veldig stor grad krenka, utnytta og utsette for vold.

I motsetnad til i Norge er det i Sverige tverrpolitisk semje om å bevare lova, og full semje om at lova er eit effektivt verktøy for å redusere prostitusjon. Den demmer opp mot handel med menneske inn til Sverige. Her i Noreg er situasjonen noko annleis. Somme trur at fordi ein framleis har kvinner i prostitusjon i Noreg, fungerer ikkje lova. Lova i Noreg fungerer. Og Erna og Co som no har programfesta å fjerne lova vil få seg ein kraftig blåmandag viss dei fjernar lova. Over dagen vil ein sjå betydeleg fleire kvinner på gata, og fleire vil komme hit via kriminelle menneskehandelnettverk.Både den blå blå regjeringa og BT undervurderer denne verknaden av lova, men heldigvis er det nokre høgrepolitikarar, slik som Fabian Stang, som ser dette poenget. Eg håpar ordføraren og høgrebyråden i Bergen kan følgje etter.

Internasjonalt ser organisasjonar, fagfolk og prostitution survivors – kvinner som har komme ut av prostitusjon – til Noreg og den nordiske modellen. Dei seier at dei nordiske landa står fram som eit «bright light in the world». Dei fortel at det vil vere eit internasjonalt tilbakeslag, og eit totalt nederlag for kampen mot prostitusjon om vi fjernar lova i Norge, og ein gigantisk seier for den globale sexindustrien. Mellom anna har EU parlamentets komité for kvinners rettigheter og likestilling nylig vedtatt å anbefale den nordiske modellen.

Prostitusjon er vold og overgrep mot kvinner. BT meiner at straffeloven ikkje skal verte brukt som «instrument for å oppdra befolkningen og befeste holdninger». Men noko av formålet med lovar og reglar er å seie kva som er riktig og galt i eit samfunn. Det at haldningar mellom unge til å kjøpe sex har endra seg i Noreg etter innføringa av loven er bra, og det er spesielt gledelig at dette gjeld unge menn. Gledelig er det også å sjå at eit fleirtal (65%) i den norske befolkninga støtter loven. BT derimot skriv på sin side at «Hvis det er holdningene man vil til livs, kan holdningsarbeid drives mer effektivt via andre kanaler enn et overbelastet rettssystem». Gi meg eitt godt eksempel på haldningsarbeid innan dette temaet som er i nærleiken av å vere så effektiv som sexkjøpslova har vore. Og viss man no fjernar lova, så vil det i seg sjølv gjere det håplaust å skulle ha haldningskampanjar på skular mot prostitusjon i lang lang tid framover.

(Innlegget sto på trykk i BT i byrjinga av februar 2014)